Åtvarar skip om mogleg rakett-nedfall nær Noreg
Russiske styresmakter varslar at delar av ein romrakett kan falle ned i havet nord for Varanger og nordaust for Bjørnøya på Svalbard.
To metallstrukturar frå ein russisk Soyuz-romrakett kan komme til å lande i Barentshavet nær Noreg, seier russiske styresmakter ifølge Barents Observer.
Skip blir sterkt fråråda til å gå inn i områda som er ramma fram til 30. april.
Desse er relativt store og ligg nær Varanger-halvøya og Svalbard.
Dei nøyaktige tryggingssonene har blitt varsla til luftpersonell gjennom NOTAM, og skipsfart gjennom NAVAREA.
Det som er venta å falle av romraketten er to nyttelastkåper, delar av raketten som losnar når den når verdsrommet.
Ifølge ei sporingsnettside for russisk romfart, er det planlagt at ein Soyuz-2-1b rakett skal skytast opp 23. April.
Denne skal ha 16 kommunikasjonssatellittar om bord.
LES OGSÅ:
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.