Herold

Tidlegare forsvarssjef heidra på heimebane

Kilde: Forsvaretsforum Author: Oda Eggesbø Ottesen Published: 2026-04-19 03:25:00
Tidlegare forsvarssjef heidra på heimebane

Harald Sunde har fått utdelt heimkommunen sin gjævaste heiderspris, Ringsakerprisen.

På ein festkveld i Prøysenhuset blei tidlegare forsvarssjef Harald Sunde utdelt Ringsakerprisen.

72-åringen var Noregs forsvarssjef frå 2009 til 2013.

– Eg er veldig stolt, sa Sunde til Hamar Arbeiderblad på prisutdelinga.

– Det er jo ein av dei største prisane å få frå den kommunen du kjem ifrå, så det set eg umåteleg stor pris på.

Prisen blei overrekt av ordføraren i Ringsaker, Kai Ove Berg.

– Saman med andre eldsjeler i Ringsaker historielag har han gjort ein formidabel innsats i å formidle krigshistorie og demokratiforståing, sa Berg om avgjerda.

Harald Sunde er medverkar i Hamar Arbeiderblad sin nye dokumentarfilm, «Hamars farlegaste mann», som har premiere 8. mai.

Ringsakerprisen blei delt ut tysdag kveld.

ny jobb?

Har du eller nokon du kjenner fått ny jobb? Da vil vi gjerne at du skriv et par linjer om vedkommande og jobben, og dessutan legger ved et bilde i breiddeformat, og sender til

tips@fofo.no

Merk gjerne emnefeltet med “Nytt om namn”

LES OGSÅ:

🏷️ Extracted Entities (16)

Harald Sunde (person) nytt om navn 📁 (category) Forsvaret 🏷️ (keyword) Harald Sunde 🏷️ (keyword) Innenriks 🏷️ (keyword) Krigshistorie 🏷️ (keyword) Nytt om navn 🏷️ (keyword) Pris 🏷️ (keyword) forsvarssjef 🏷️ (keyword) Hamar Arbeiderblad (person) Kai Ove Berg (person) Ringsaker (entity) Ringsakerprisen (entity) Noregs (entity) Nytt (entity) Prøysenhuset (entity)

📊 Metadata

Category: nytt om navn
Keywords: innenriks, pris, krigshistorie, forsvaret, forsvarssjef, harald sunde, nytt om navn