Minneord Kjell Rekdal
Plus
Minneord Kjell Rekdal
Per BjĂžrn Ellingseter
Kjell vart fÞdd i 1947 pÄ Ellingsetra i Fiksdal, pÄ det gardsbruket som blir kalla «BÞen». Han vaks opp i ein liten familie, saman med foreldra Alfhild og Per Rekdal, og besteforeldra Gjertrud og Pe. DÄ Kjell var tre Är gammal, vart familien stÞrre, dÄ broren Leif kom til verda. Dei to gutane fekk med seg ein god ballast i livet frÄ ein trygg og god heim, med stor omsorg for bÄde folk og dyr.
Etter konfirmasjonen prÞvde Kjell seg i ulike jobbar. Han arbeidde ei tid pÄ mÞbelfabrikk i heimbygda, seinare som visargut i Molde, der han kÞyrde ut varer til kundane med moped. Kjell var rask og effektiv, og passa sikkert godt i den jobben.
I ung alder kom han inn som lÊrling pÄ Vestnes kommunale kraftverk, som det heitte den tida. Etter ei tid tok han fagbrev som montÞr. PÄ 70- og 80-talet var det stor byggeaktivitet i Vestnes, og det er mange i Vestnes som i dag bur i hus der det elektriske arbeidet var utfÞrt av Kjell. Han fekk etter kvart stor erfaring, noko som gjorde at han kunne gje kundane god rÄdgjeving innan fagfeltet sitt.
I ungdomstida vart Kjell kjent med Mary Hofseth frÄ Vatnefjorden, og med det starta eit livslangt samliv. Mary vart tilsett i Vestnes kommune, som kontorfullmektig pÄ skulekontoret. Mary og Kjell gifta seg, og dei etablerte seg etter ei tid i eigen bustad pÄ Hagneset, der dei saman skapte seg ein vakker og velstelt heim.
BÄde Kjell og Mary hadde interesse og anlegg for handel, og dei starta opp i det smÄ, med sal av bilrekvisita frÄ bustaden pÄ Hagneset. Dette gjekk godt, og etter kvart satsa dei for fullt pÄ sportsbutikk i leigde lokale i Helland sentrum. Mary sin kunnskap og erfaring frÄ tidlegare arbeidsplassar gjorde at ho var godt kvalifisert til Ä ta hand om det forretningsmessige. Kjell hadde med seg kompetanse og erfaring frÄ bÄde idrett, friluftsliv og sportsfiske. Sportsforretninga gjekk godt, og kundane vart alltid godt mottekne av Mary og Kjell. Godt humÞr, gode smil, minneverdige replikkar, og ikkje minst god varekunnskap gjorde at folk gjerne oppsÞkte butikken, som dei dreiv i omlag 20 Är.
Som godt vaksen innleia Kjell ein idrettskarriere, med aktivitet bÄde i friidrett om sommaren og langrenn i vintersesongen. PÄ den tida var det eit godt miljÞ for kondisjonsidrett i Vestnes, og Kjell var ein av dei ivrigaste. Han tok idretten seriÞst, og var godt oppdatert bÄde pÄ utstyr og treningsmetodar. Han deltok ivrig i stemne rundt om i distriktet, og kom ofte heim med premiar.
Kjell var ogsÄ ein av dei ivrigaste for fÄ til ei lyslÞype for langrenn ved den gamle idrettsplassen, og der var det stor aktivitet den tida det var meir stabile vintrar.
BÄde Mary og Kjell fekk stÞrre utfordringar med helsa etter kvart. Dei avvikla dÄ forretningsdrifta, og skaffa seg leiligheit i Torrevieja, Spania. Klimaet og livet i «syden» viste seg Ä gjere helseplagene lettare for dei begge, og dei oppheld seg derfor der i lengre periodar.
DÄ Mary gjekk bort i 2023, vart Kjell att Äleine i heimen pÄ Hagneset. For oss som kjende dei begge, var det lett Ä forstÄ at saknet vart tungt Ä bere. Det var ikkje lett for den sosiale Kjell Ä vere Äleine. Samstundes svikta helsa meir og meir, og det gode humÞret og livsgnisten slokna litt etter kvart. Den siste tida budde Kjell pÄ Stella Maris, og for oss som kjente han «Kjell pÄ BÞnÄ» vart det meir og meir klart at eit innhaldsrikt liv no gjekk mot slutten.
Laurdag 15. november 2025 sovna Kjell inn. Mange sit i dag att med sorg, men samstundes med stor takksemd og gode minne om ein kjĂŠr slektning og ein god venn.
Minna om Kjell vil leve, lenge etter at han er borte!
Per BjĂžrn Ellingseter