Stakk frå utforkøyring og vart teken med promille – ein annan køyrde utan gyldig førarkort
Plus
To førarkortbeslag i Sunnfjord natt til laurdag.
Operasjonssentralen har lite å melda frå natt til laurdag for Sogn sin del.
Men i Sunnfjord er politinatta prega av mellom anna to trafikkrelaterte hendingar.
Klokka 03:21 fekk politiet melding frå ein forbipasserande som hadde oppdaga ei utforkøyring på ein sideveg mellom Førde og Moskog. Airbagane var utløyst og vitnet hadde observert ein person ved bilen.
Men då politiet kom til staden var ikkje bilførar å sjå. Politiet oppsøkte bileigar, ei kvinne i 40-åra, på heimeadressa hennar. Ho blåste til over lovleg verdi på alkometeret.
– Det er mistanke om at ho har køyrd i alkoholpåverka tilstand, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest politidistrikt.
Kvinna skal ikkje vera skadd etter hendinga, men ho vart teken med til legevakt for blodprøve. Førarkortet hennar er kverrsett og politiet opprettar sak. Køyretøyet vart henta av bergingsbil.
Seinare, klokka 04:16, stansar ein politipatrulje eit køyretøy med høg hastigheit gjennom Førde sentrum. Bilførar hadde ikkje gyldig førarkort.
– Ved nærare undersøking viste seg at førarkortet hans allereie var inndrege, opplyser Kolltveit.
Det er ikkje mistanke om rus, men politiet opprettar sak og føraren blir meldt for køyring utan gyldig førarkort. Han måtte setja frå seg bilen og gå frå staden til fots.