PwC-rapporten – ein trussel mot ei forsvarleg eldreomsorg?
Plus
– PwC-rapporten, som vart lagt fram for heradsstyret 16. april, gir ikkje i seg sjølv eit godt nok grunnlag for så omfattande økonomiske kutt som er føreslått. Difor er det veldig uheldig at det blir lagt opp til ein kort og snever prosess for konsekvensutgreiing. For endringar av denne storleiken trengst det både meir tid og ei langt breiare involvering, skriv pårørandeutvalet.
Me i pårørandeutvalet ved langtidsavdelinga på Voss sjukeheim uttalte oss i haust fleire gonger om eldreomsorga i Voss herad, mellom anna i debattinnlegget «Eldreomsorga må betrast no». Det er framleis for få sjukeheimsplassar til saman på sjukeheimane. Det er framleis for høgt press på dei pårørande i eldreomsorga. Det er også framleis for høgt arbeidspress på dei tilsette, både på sjukeheimane og i heimetenesta.
Føremålet med PwC-rapporten er å føreslå tiltak for korleis heradet kan koma i økonomisk balanse. Samtidig manglar rapporten ein djup og brei analyse av mellom anna eldreomsorga i heradet i dag. PwC-rapporten viser altså moglege sparetiltak, ikkje om dei er forsvarlege for innbyggjarane i heradet. Som Ingrid Helleve argumenterte for i debattinnlegget «Forventningar til eldreomsorg», har personar på Voss dessutan ikkje spesielt høge forventningar til eldreomsorga, men kanskje heller for låge?
Ei forsvarleg omstilling i heradet krev ei grundig konsekvensutgreiing av moglege tiltak, mellom anna for eldreomsorga. I lys av dette er me sterkt uroa over at det ikkje står på planen å høyra om moglege konsekvensar av tiltaka for dei som kjenner eldreomsorga best, nemleg brukarar, pårørande og tilsette på grasrota. Den offentlege debatten om eldreomsorga har dessutan vist at det er store skilnader i oppfatningar av både faktagrunnlaget og korleis tenestetilbodet fungerer i dag etter omfattande nedskjeringar. Me vil derfor oppmoda heradet på det sterkaste om å setja av meir tid til ei breiare konsekvensutgreiing som del av arbeidet med PwC-rapporten.
Ut frå alt det me som pårørandeutval kjenner til, er det uforsvarleg å skulla spara inn meir på helse- og omsorgstenestene for eldre i heradet. Talet på sjukeheimsplassar i bruk på Voss sjukeheim og Vetleflaten omsorgstun er kunstig lågt, ved at terskelen for å få sjukeheimsplass har blitt for høg. Dei «ledige» romma er dei mange titals sjukeheimsplassane som har blitt fjerna i nyare tid, fordi heradet ikkje har villa finansiera dei. Me vurderer det framleis slik at alle dei fire sjukeheimane trengst. Det ville dessutan vera veldig uklokt å leggje ned to sjukeheimar som fungerer bra og er godt integrert i lokalsamfunnet.
Det er vidare ikkje i tråd med pårørandestrategien til heradet å byggja så mykje på pårørande som heradet gjer i eldreomsorga i dag. Når pårørande går til det skrittet å søkja om sjukeheimsplass til sine kjære, er det alvor. Det er eit teikn på at ein sjølv ikkje maktar eller har høve til å dekkja omsorgsbehova til personen. Pårørande risikerer sjølve å bli sjuke og slitne av å strekkja seg lenger enn dei maktar, og dei har dessutan behov for tilstrekkeleg mykje avlasting.
Det å kutta meir i eldreomsorga er dessutan å gå baklengs inn i framtida med tanke på å rekruttera og halda på fagpersonar. Stadig høgare arbeidspress er ikkje forsvarleg med tanke på det psykososiale arbeidsmiljøet til dei tilsette. Konsekvensane for heradet kan bli sjukemeldingar og at tilsette sluttar. Dette er ekstra alvorleg sidan det framover vil bli endå større behov for helsepersonell i eldreomsorga.
For å oppsummera ser me det som uforsvarleg å kutta meir i eldreomsorga i heradet slik situasjonen er i dag. Det er allereie for låg kapasitet, mellom anna ved at det er for få sjukeheimsplassar ut frå behovet, og behovet vil bli stadig større. Både pårørande og tilsette er allereie under hardt press, og det er uforsvarleg å presse desse gruppene meir enn i dag. Innsparing bør derfor skje andre stader enn i eldreomsorga. Ho bør skje der det gir færrast mogleg negative konsekvensar for innbyggjarane, og vera basert på ei grundig og brei konsekvensutgreiing.
Tøffe forslag: Her er tiltaka som viser korleis Voss herad kan spara 103 millionar
Eldre, sjuk person fekk nei til langtidsplass – no må heradet omgjera vedtaket
Her er vinnaren av Årets namn: – Jobben er ikkje over!
Spent før PwC-rapporten: – Peikar på moglegheiter, ikkje fasiten