Herold

No må politikarane stå for eigne vedtak

Plus
Kilde: HF Author: Bernt Arne Flesland, hytteeigar, Fetalia Published: 2026-04-17 22:03:00
No må politikarane stå for eigne vedtak

Eidfjord treng utvikling. Reiselivet er i dag prega av korte besøk og sterk sesong.

Debatten om Eidfjord Resort har vore dominert av negative stemmer lenge nok. Kritikk er viktig, men når eitt syn får for mykje plass, vert debatten skeiv. No må også dei positive sidene sleppast fram.

Eidfjord kommune har allereie sagt ja til igangsetting av Eidfjord Resort. Difor er bodskapen til politikarane enkel: De må stå for dei vedtaka de sjølve har fatta. Ein kommune som ombestemmer seg i etterkant skaper utryggleik og mistillit – både hos innbyggjarar, næringsliv og hytteeigarar.

Eidfjord treng utvikling. Reiselivet er i dag prega av korte besøk og sterk sesong. Eit resort med heilårstilbod betyr fleire faste arbeidsplassar, meir aktivitet gjennom året og betre grunnlag for lokalt næringsliv.

Når kommunen samstundes varslar auke i gebyr og avgifter, må det også kome noko tilbake. Det handlar ikkje om at kommunen skal bygge skitrekk eller drive butikk. Men kommunen må leggje til rette for at private kan investere og utvikle tilbod som gjer bygda meir attraktiv – til dømes skikkelege vintertilbod og fleire aktivitetar heile året.

Hytteeigarar bidreg mykje til kommuneøkonomien. Då er det rimeleg å forvente at politikarane jobbar for utvikling, ikkje motarbeider henne.

Oppmodinga er klar: Ver føreseielege. Ver konstruktive. Og vis at Eidfjord er ein kommune som ønskjer utvikling, ikkje ein som seier nei etter at ja alt er gitt.

🏷️ Extracted Entities (2)

Eidfjord Resort (organization) Ein (entity)