Herold

Aktivitetsdag – ski og akedag på Korlevoll

Plus
Kilde: HF Author: Sigrid J. Utne, rektor ved Vaksenopplæringa i Kinsarvik Published: 2026-04-18 11:15:00
Aktivitetsdag – ski og akedag på Korlevoll

Fellesnemnaren er at deltakarane ikkje er fødd med ski på beina eller har norsk som morsmål.

I siste liten greidde me å få til ein aktivitetsdag onsdag 15. april der elevane fekk prøva seg på å gå på ski og aka i akebakken. Me hadde flaks som hadde venta til såpass seint på året for det var nok snø, fine løyper og tørt på pauseområdet der me fyrte opp grillen. Sola skein og temperaturen var ikkje så verst bortsett frå vinden me kunne greidd oss utan.

Og kven er «me»? Jo, fellesnemnaren er at ein ikkje er fødd med ski på beina eller har norsk som morsmål. Begge kombinasjonsklassane ved Odda vidaregåande skule var med i tillegg til Vaksenopplæringa i Kinsarvik. I kombinasjonsklassane går det ungdommar frå 16–24 år. Desse klassane er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunen.

Uansett alder, så var alle i aktivitet og bytte på å låna skiutstyr og akebrett. Nokre av dei ivrigaste gjekk fleire km på ski og viste ein imponerande innsats. Det er ikkje berre, berre å lære seg å gå på ski når ein er vaksen. Det var mykje knall og fall og latter i løypene og i akebakken. Kylling og kalkunpølsene såg også ut til å falla godt i smak. I det store og det heile ein svært vellykka dag for alle som var med!

🏷️ Extracted Entities (4)

Korlevoll (entity) Kinsarvik (place) Odda (entity) Vaksenopplæringa (entity)