Herold

Krev over ein halv million etter at eiketreet hans fall

Kilde: NRK Author: Aina Beate Indreiten Published: 2026-04-16 10:01:31 Last updated: 2026-04-16 13:50:49
Krev over ein halv million etter at eiketreet hans fall

Øystein Leth i Horten meiner kommunalt vegarbeid Ăžydela eiketreet hans og krev erstatning etter at treet fall ned under stormen «Amy». – Ei uvanleg sak, svarer kommunen.

Saka samanfatta:

  • Øystein Leth krev erstatning etter at dei 110 Ă„r gamle eiketrea hans fall under stormen «Amy», og meiner kommunalt vegarbeid har skadd treet.
  • Arborist Stian Antonsen fann at treet mangla forankringsrĂžtter pĂ„ den sida vinden kom frĂ„, noko som tyder pĂ„ menneskeleg pĂ„verking.
  • Vegarbeid utfĂžrt av kommunen i 2017 kan ha kutta rĂžtene, ifĂžlgje Leth og arboristen.
  • Verdivurdering av treet er sett til 569.000 kroner, basert pĂ„ Norsk Standard og storleiken og alderen pĂ„ treet.
  • Horten kommune ser pĂ„ saka som uvanleg og jobbar med Ă„ finne dokumentasjon om tidlegare vegarbeid.

– Det er fþrst og fremst trist at treet er borte. Eg skulle helst sett at treet stod der.

Det seier Øystein Leth frÄ Horten og viser oss det gapande holet i hekken der det store eiketreet vaks inntil i fjor haust.

I gata der han bur har dei fleste store eiketre pÄ eigedommane sine, men Øystein meiner treet som stod pÄ tunet hans var det aller finaste.

– Det var eit enormt stort eiketre, med ei krone som var sĂŠrs stor og omfangsrik. Det var kanskje det aller flottaste eiketreet pĂ„ Tveiten i Horten, seier Leth.

PÄ varme sommardagar var det fint Ä kunne sitte i skuggen av det store treet, men under stormen «Amy» i oktober fall treet ned.

Det store eiketreet var 110 Är gammalt og gatas flottaste, meiner Leth.

Mangla rĂžter

Leth kontakta arborist Stian Antonsen for Ä fÄ fjerna treet.

Han reagerte straks pÄ at dette var eit underleg fall. Eit frisk tre av denne stÞrrelsen skal normalt kunne tole ein storm, forklarer Antonsen.

– NĂ„r noko dett ned er Ă„rsaka ofte menneskeleg pĂ„verknad, sĂ„ eg har alltid litt ekstra skarpe briller pĂ„ nĂ„r tre fell i urbane strĂžk.

Han forklarer at tre av denne stÞrrelsen er avhengig av eit stort og friskt rotsystem for Ä stÄ oppreist, men at rÞtene pÄ dette treet var kappa av.

– Dei store forankringsrĂžttene gjer at tre kan stĂ„ oppreist i uvĂȘr, men dei mangla pĂ„ sida mot aust, som var den retninga vinden kom frĂ„. Og det er jo ikkje naturleg.

Vegarbeid nÊr treet, utfÞrt av kommunen nokre Är tidlegare, er truleg Ärsaka til at rÞtene blei kappa.

–Det var vegarbeid utanfor hekken min i 2017. Dei grov ein meter frĂ„ stammen, seier Leth.

Han fortel vidare at dei fann raud maskingrus langt nede i bakken, etter at treet fall.

– Det er i heilt klart grave i rotsona der, i nyare tid, seier arboristen.

– Ein hþg sum

OgsÄ arborist og trepleiar Kristin Moldestad hos selskapet Trekontoret blei kontakta for Ä gjere ei vurdering av det 110 Är gamle treet.

Verdivurderinga av treet er utarbeidd etter Norsk Standard og sett til 569.000 kroner.

BÄde stÞrrelsen og alderen pÄ treet ligg bak verdivurderinga, seier Moldestad.

– Det er ein hþg sum i verdivurderingssamanheng. Og det heng saman med at treet var eit stort tre. Det var ein stor stamme og eit veldig godt og vitalt tre.

Moldestad forklarer at det aktuelle treet hadde ein stammeomkrets pĂ„ over 260 centimeter og dermed fell innanfor kategorien utvald naturtype – hole eiker etter naturmangfaldlova §52.

Ved inngrep i eller i nĂŠrleiken av slike naturtypar gjeld det ei sĂŠrskild aktsemdplikt etter naturmangfaldlova.

Der meiner Leth at kommunen har svikta. Derfor krev han erstatning.

– Det vil overraske meg viss saka blir avvist, seier han.

Det var vegarbeid rett utanfor tomta i 2017.

– Ei uvanleg sak

Horten kommune har aldri opplevd eit liknande krav. Dette er ei uvanleg sak, seier Thomas Kirkhus, tenesteleiar for kommunalteknikk.

– Dette er ikkje ei vanleg sak for vĂ„r del. Og sikkert ikkje for forsikringsselskapet vĂ„rt heller, seier han.

Han fortel at dei nÄ jobbar med Ä finne dokumentasjon om tidlegare vegarbeid i omrÄdet, men at det er for tidleg Ä svare pÄ korleis denne saka endar.

– Å anslĂ„ noko vidare om saka i forhold til saksbehandlingstid og resultat, er per nĂ„ veldig vanskeleg Ă„ seie noko om.

đŸ·ïž Extracted Entities (9)

Øystein Leth (person) Amy (entity) Arborist Stian Antonsen (person) Horten (entity) Kristin Moldestad (person) Norsk Standard (organization) Thomas Kirkhus (person) Trekontoret (entity) Tveiten (entity)

📊 Metadata

Category: Vestfold og Telemark, Klima og miljĂž, Norge