Kompisane skal i gang med ein heftig tur – som betyr noko spesielt
Plus
«Er de med å gå i 24 timar?», spurde Arjan Einestrand kompisane sine.
Og svaret han fekk, var eit klart ja.
Dermed tek Jørgen Soltveit, David Kjenes, Martin Sandvik og Arjan Einestrand beina fatt for å krysse store delar av Alver.
Inspirasjonen kjem frå mor til Arjan, Mariann Einestrand, som saman med venninna, Anita Ramsøy, i fjor gjekk frå Rossnes på Radøy til Skjellanger i løpet av eit døgn.
På den turen samla dei inn 64.200 kroner til Kreftforeningen. Dette formålet ønsker også kompisgjengen å bidra til.
Betyr mykje
Dei har alle gått saman på Sagstad barneskule og har ein ekstra grunn til å gå for saka.
– Læraren vi hadde gjennom sju år døydde av kreft i vinter. Så vi gjer det med henne i tankane, seier dei.
Sjølv om dei har nokre solide fjellturar under beltet, blir det noko heilt anna å skulle vandre i 24 timar.
– Den største utfordringa blir nok mentalt, meiner Einestrand.
Og sidan turen går både på veg og gjennom skog og mark, kjem dei til å ha skobyte med seg. Og ikkje minst proviant.
– Det blir nokre proteinbarar, godteri og vatn, men vi sørger for å få forsyningar undervegs. Det er viktig å halde sekken lett.
Laurdag 18. april set dei i gang og då har dei hatt ein knapp månad på å førebu seg. Til vanleg trenar gutane styrke, men no får dei også testa uthaldet.
Og kva om det blir regn og stygt vêr?
– Vel, då tar vi på regnjakke, seier David Kjenes.
Sykla ti timar i motvind: Men Anita og Mariann har ein god grunn