Inga øving før yrkesskadeforsikringa gjeld!
Plus
Brannmannskap som er medlem i Fagforbundet, bør ikkje delta i ikkje-lovpålagde øvingar før yrkesskadeforsikringa for øving er på plass.
Det er på tide å seie det høgt: Regjeringa si handtering av yrkesskadesaka er skuffande overfor dei som står i frontlinja for å halde samfunnet og sikkerheita vår i gang.
I dag er det nærast umogleg for våre brannmannskap å få yrkesskadeerstatning dersom ein vert skadd under øving.
Våren 2025 vedtok Stortinget samrøystes eit Dokument 8forslag frå SV – eit klart og tydeleg oppdrag til regjeringa om å styrkje og modernisere yrkesskadelovverket.
Dette var ikkje eit forslag Stortinget tok til orientering. Det var ein marsjordre.
Dette er heilt nødvendige og rettferdige endringar – og Stortinget sa altså ja. Samrøystes.
Stortinget peikar mellom anna på:
«Frykta for manglande dekning fører til at mange tilsette i brannvesenet vegrar seg for å delta i realistiske øvingar, og at leiarar vegrar seg for å leggje opp øvingane på ein mest mogleg realistisk måte, i frykt for at meir realistiske, og dermed meir risikofylte, øvingar kan føre til at tilsette vert utsette for ulukker som ikkje vert rekna som arbeidsulukker, og difor heller ikkje som yrkesskade.»
Kva svarar regjeringa?
Eit nytt utval, med mål om nye reglar frå 01.01. 2027. Ei liste som skal «oppdaterast over tid», utan tilbakeverkande kraft, og utan garanti for at dei gruppene Stortinget allereie har bede om å styrkje, faktisk får rettane dei vart lova.
Dette er eit brot med intensjonen i Stortinget sitt vedtak. Og det er i direkte strid med det Fagforbundet har kjempa for i fleire tiår. Vi treng ikkje fleire rundar. Vi treng handling.
Vi som nasjon har ikkje tid til å vente. Vi treng den beste førstelinjetenesta for tryggleiken vår.
No er vi i beredskapsåret 2026, og regjeringa gjennom justis og beredskapssektoren, seier at vi skal ha fleire og meir realistiske øvingar på tvers av sektorar. Då hjelper det lite at det berre er politiet som har fullverdig forsikring under øving, medan ambulanse og brannvesen er utelatne.
Som leiar i Seksjon Samferdsel og Teknisk i Fagforbundet Vestland møter eg brannfolk som heilt reelt er uroa for å delta i øvingar, det er ein sikkerheits fare i seg sjølv.
No vil politikarar og beredskapsråd rundt om i landet frå statsrådar til ordførar at vi skal øve meir, hardare og meir realistisk for å få den beste treninga mogleg. Personell i førstelinje kan aldri få nok trening, så det heier me på.
Men då må dei og ha tryggleik i ryggen, dersom ulukka er ute.
Frå grasrota i Fagforbundet vert dette opplevd som att regjering går i feil retning, i ei av dei viktigaste tryggleikssakene vi har. Retten til ikkje å stå åleine, verken helsemessig eller økonomisk når jobben gjer deg sjuk eller skadd.
Som tillitsvalde har vi hovudansvaret for å sikre gode arbeidsvilkår, betre lønn og tryggleik på jobb. Ingen skal bli sjuke av jobben. Ingen skal døy av jobben. Og ingen som ofrar helsa si for jobben og fellesskapet, skal stå åleine.
Slik situasjonen er no må regjeringa ta dette ansvaret som Stortinget meinte.
No må regjeringa levere. Sørg for ein yrkesskadedekning med tilbakeverkande kraft, slik at dei som øver i dag er sikre på å verte dekt om dei skader seg. Vi må få på plass eit regelverk som tek vare på heltane våre i frontlinja og som gjev dei ei verdig yrkesskade/sjukdom forsikring, så raskt som mogleg.
Viss ikkje, vil vi i Yrkesseksjon Samferdsel og Teknisk Fagforbundet Vestland be våre medlemmer om å tenke seg om å ikkje delta på ikkje lovpålagde øvingar før yrkesskadeforsikringa for øving er på plass.