Herold

Kan glise godt etter pangstarten på sesongen

Plus
Kilde: NH Author: Arthur Kleiveland Published: 2026-04-18 10:46:45
Kan glise godt etter pangstarten på sesongen

Kvernbit står med full pott og 12–3 i målprotokollen etter dei to første kampane i 5. divisjon. På si side beit Austrheim og Radøy godt frå seg mot opprykkskandidatar, men står med null i potten så langt.

Etter 7–3 i opningskampen heime, fortsette Kvernbit skåringsfesten med 5–0 mot NHH-studentane.

– Ein OK kamp mot eit utruleg svakt NHHI 2-lag. Kvernbit har kontroll på kampen og viser breidde i troppen med fleire nøkkelspelarar ute, oppsummerer fotballekspert David Flatøy. Han peikar på at laget må jobba meir med utspel-fasen.

Magnus Solvi-Neverdal sette inn to fulltreffar før pause. Først i det 80. minutt kom 3-0, signert Jonah Elan Banks. Heilt i sluttminuttane plussa Andreas Hopland Larsen og Filip Pavlovic på til 5–0.

Gav Løv-Ham eit skremmeskot

Radværingane gav opprykksspådde Løv-Ham, med Fredrik Haugen (tidlegare Brann) i spissen, eit skremmeskot.

– Poeng i Fyllingsdalen var ikkje noko Radøy hadde med i rekneskapen før sesongen. Dette er noko å bygga vidare på etter «flausen» mot Tertnes i opningskampen, seier lokalfotball-ekspert David Flatøy.

Han legg til at kampen mot Arna-Bjørnar2 søndag om ei veke er ein nøkkelkamp for radværingane.

Jon Halstein Tjore i Radøy-teamet konstaterer god forbetring etter den svake opningskampen. Heimelaget sine skåringar kom i slutten av 1. omgang og like etter kvilen.

– Vi var nær ved å få med oss poeng mot eit opprykksspådd Løv-Ham. Men ein tabbe på 2-0, pluss at vi brente ein enorm sjanse i 2. omgang, gjorde at det vart eit knipent tap. Løv-Ham vart temmeleg stressa mot slutten av kampen etter Radøy si redusering, signert Isak Johan Friis Thomassen.

– Vi noterer oss ein god prestasjon, seier han.

Måtte kjempa hardt mot Austrheim

Opprykkskandidat Vadmyra måtte kjempa hardt for å ta med seg alle poeng i bortemøtet med Austrheim.

Vadmyra vann opningskampen med store siffer, og Austrheim fekk ein smell borte mot Fotlandsvåg, var det grunn til å tru at heimelaget kunne få det tøft.

Men Austrheim gav ikkje ved dørene i dei mange duellane, og heldt gjestane til 0–0 ved pause.

Etter gjestane sine to skåringar i første del av andre omgang, fekk Vadmyra naturleg nok eit visst initiativ i kampen, men utan at Austrheim på nokon måte kapitulerte.

Og heilt i sluttminuttane reduserte Sindre Sætre på straffespark, og heimelaget slåst for utlikning.

Den første seriekampen i Austrheim blei spelt på kunstgraset ved idrettsparken. Når våren varmar på er planen å flytte kampane til graset ved samfunnshuset.

– Graset i Austrheim må snart bli grønt, slik at dei kan begynna å plukka viktige heimepoeng. Det er mykje talent i laget, men så langt med lite sluttprodukt, oppsummerer David Flatøy.

Smartembed for https://livecenter.nifs.no/module/table/1/701203/?hideSearch=1&theme=light&height=800

🏷️ Extracted Entities (22)

Austrheim (place) Radøy (place) David Flatøy (person) Gav Løv-Ham (organization) Vadmyra (entity) Andreas Hopland Larsen (person) Arna-Bjørnar2 (entity) Brann (entity) Ein OK (organization) Filip Pavlovic (person) Fotlandsvåg (entity) Fredrik Haugen (person) Fyllingsdalen (entity) Isak Johan Friis Thomassen (person) Jon Halstein Tjore (person) Jonah Elan Banks (person) Kvernbit (entity) Magnus Solvi-Neverdal (organization) NHH (entity) NHHI (entity) Sindre Sætre (person) Tertnes (place)