Herold

«Himmelsk»

Kilde: NRK Author: Even Samir Kaushik Published: 2026-04-16 19:30:00 Last updated: 2026-04-17 09:20:38
«Himmelsk»

ANMELDELSE: «Come Closer» av Tomora (Aurora + Tom Rowlands)

Nokre samarbeidsprosjekt innanfor elektronisk musikk må nærast ha blitt velsigna av ei høgare makt.

Da det mot slutten av 2025 blei annonsert at Tomora i år skal spele på festivalar som Coachella, Down The Rabbit Hole og Øyafestivalen var det enda uvisst kven eller kva Tomora faktisk var.

Med låten «RING THE ALARM» fekk vi vite at gruppa er ei forlenging av det allereie sterke samarbeidet mellom britiske Tom Rowlands (55), frå ikoniske The Chemical Brothers, og heile Noregs Aurora Aksnes (29).

Debutalbumet «COME CLOSER» er Rowlands og Aksnes si overgivinga til eit lydbilde som på fleire måtar utfordrar kjensleregisteret til menneske.

Berre eit spørsmål om tid

«Come Closer» er ikkje det første samarbeidet mellom artistane. Briten hadde nemleg ein finger med i spelet på Aurora sitt 2024-album «What Happened To The Heart».

Før det medverka Aksnes på The Chemical Brothers sitt «No Geography» (2019).

Sjølv om verken The Chemical Brothers eller Aurora har vore beskjedne når det gjeld å eksperimentere, er det først nå at dei har fått heilt fritt spelerom. Tomora er ikkje «The Chemical Brothers feat. Aurora» eller vice versa.

Dette er det uunngåelege samarbeidet mellom nokre av moderne musikks største snålingar.

Tomora

Albumet opnar med «PLEASE», der det einaste ein høyrer er vrengd vokal som maner setninga «Please come closer».

Der «PLEASE» gir ei uhyggeleg kjensle av at ein har vekt noko urgammalt og heidensk, er neste låt, «COME CLOSER», noko slikt gjetarane på marka truleg høyrde da dei blei forkynte den store gleda.

I to minutt blir låten bygd sakte, men sikkert opp av langsamt trommespel, ulike synttonar og Aksnes sin havfrue-aktige vokal.

Så eksploderer det. I ein maksimalisme av elektronisk musikk og Aurora si evne til å halde lange og høge tonar, når låten eit nivå som ein ikkje kan gjere anna enn å bøye seg for.

Som mykje av musikken på «COME CLOSER» er låten himmelsk.

Plass til alt

For dei heldige som skal oppleve «COME CLOSER» i liveformat, er det berre å gle seg til ei unik sansereise.

Det er rom for både dans og ettertanke.

Aurora på Øyafestivalen 2022.

«MY BABY» er ei slags blanding av breakbeat og roleg UKG som tvingar føtene til å bevege seg. Ved neste låt, «HAVE YOU SEEN ME DANCE ALONE?», er det umogleg å unngå at heile kroppen lèt seg rive med.

På den andre sida lener låtane «SIDE BY SIDE» og «THE THING» litt meir mot trip hop og lèt verkeleg Aknes vokalen sin skine.

Det har vel aldri vore tvil om at Aurora har ei fantastisk stemme, men det er så herleg å få det bekrefta enda ein gong.

Video: Ingrid Simensen, Marte Gravem Isaksen. Lyd: Bjarne Dankel Dy. Høyr «P3 Live» i appen NRK Radio!

Av dei meir rolege låtane er «WAVELENGTHS» den desidert vakraste.

I elektronisk folk-stil er låten prega av fleire vokalteksturar, samtidig som lange og vakre tonar frå ulike instrument gjer at låten blir opplevd heimekoseleg og trygg.

Gråtefaktoren under Øya i år er sikra.

Le, gråte, danse, tenke. Kva som helst

«COME CLOSER» er eit album i flott dynamikk mellom det handterlege og det abstrakte.

Det er dansbart, men det lèt ein også stoppe litt opp. Samla sett kan «COME CLOSER» gi deg noko intellektuelt, men om du heller berre vil riste frå deg og leve i nået: Ver så god.

Fredag 17. april kl. 11.17: NRK har blitt gjort oppmerksomme på at kritikeren fikk feil utgave av albumet «Come Closer» fra plateselskapet. Vurderingen var derfor gjort basert på en uferdig utgave av låta «A Boy Like You». Denne anmeldelsen er derfor oppdatert.

Om albumet

Tittel: «Come Closer»

Artist:Tomora

Utgitt av:Petroleum Records

Sjanger:Elektronika

Utgivingsdato: 17. april 2026

Sporliste:

  1. «Please»
  2. «Come Closer»
  3. «A Boy Like You»
  4. «Ring the Alarm»
  5. «My Baby»
  6. «Have You Seen Me Dance Alone»
  7. «Somewhere Else»
  8. «I Drink the Light»
  9. «Wavelenghts»
  10. «Side by Side»
  11. «The Thing»
  12. «In a Minute»

🏷️ Extracted Entities (38)

Aurora (entity) Come Closer (entity) Noregs Aurora Aksnes (person) Chemical Brothers (person) Himmelsk (entity) Musikk 📁 (category) NRK anmelder musikk 📁 (category) P3 Musikkstoff 📁 (category) P3 anmelder musikk 📁 (category) P3 musikkomtale 📁 (category) PLEASE (entity) Tom Rowlands (person) Tomora (entity) A Boy Like You (entity) MY BABY (entity) RING THE ALARM (entity) SIDE BY SIDE (entity) THE THING (entity) Øyafestivalen (entity) Aknes (place) Bjarne Dankel Dy (person) Coachella (entity) Down The Rabbit Hole (person) Have You Seen Me Dance Alone (entity) I Drink the Light (entity) In a Minute (entity) Ingrid Simensen (person) Marte Gravem Isaksen (person) NRK Radio (organization) No Geography (entity) P3 Live (entity) Records (entity) Somewhere Else (entity) UKG (entity) WAVELENGTHS (entity) Wavelenghts (entity) What Happened To The Heart (entity) Øya (entity)

📊 Metadata

Category: P3 anmelder musikk, P3 musikkomtale, P3 Musikkstoff, Musikk, NRK anmelder musikk