Herold

NHO-sjefen om norsk beredskap: – Veldig alvorleg

Kilde: NRK Author: Johan B Sættem Published: 2026-04-17 04:05:04 Last updated: 2026-04-17 07:34:03
NHO-sjefen om norsk beredskap: – Veldig alvorleg

NHO-sjef Ole Erik Almlid fryktar at oljenasjonen Noreg vil stoppe opp i ei krise utan drivstoff. No varslar regjeringa grep for å fylle opp lagera.

Saka oppsummert:

  • NHO-sjef Ole Erik Almlid åtvarar om at Noreg kan stoppe opp i ei krise grunna manglande drivstoffberedskap.
  • Hormuzsundet-blokaden i 2026 har avdekt Noregs kritiske avhengigheit av drivstoffimport.
  • Noreg har berre lager for 20 dagar med importstans, mot nabolanda sine 90 dagar.
  • Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) rapporterer om eit stort gap mellom dagens lager og behovet i krig.
  • Regjeringa varslar revisjon av forskrifta om beredskapslagring for å auke kravet til drivstofflagring.
  • Senterpartiet og Frp støttar forslag om å firedoble dei norske lagera til nitti dagar.

Krig i Midtausten og blokade av det viktige Hormuzsundet har i 2026 avslørt ein kritisk sårbarheit i norsk beredskap.

Medan nabolanda Sverige og Finland har lager som toler nitti dagar med importstans, har Noreg sidan 2007 halde seg til eit krav om berre 20 dagar.

Det er energibyrået IEA som krev at medlemslanda som hovudregel skal halde et beredskapslager av drivstoff som tilsvarer minst 90 dagars nettoimport.

Reglane blei laga i et tid der oljenasjonen Noreg i prinsippet kunne forsynt seg sjølv med drivstoff i ei krise. Det kan ikkje Noreg lenger.

No ropar Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) varsku på vegner av det norske næringslivet.

– Dersom vi kjem i ein situasjon der vi ikkje har tilgang på drivstoff, så rammer det forsvarsevna, sivilsamfunnet og moglegheita næringslivet har til å oppretthalde verksemda si, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til NRK.

Fakta om drivstoffberedskapen

Dagens krav: Noreg har reglar om 20 dagars lagerhald (uendra sidan 2007).

Naboland: Sverige og Finland har krav om nitti dagar.

Sårbarheit: Noreg produserer nok bensin, men er kritisk avhengig av import av diesel og flydrivstoff.

Infrastruktur: Mongstad er det einaste raffineriet som er att i Noreg. Slagentangen fungerer i dag berre som importterminal.

– Det er veldig alvorleg for eit samfunn som treng dette drivstoffet i ein krisesituasjon, seier NHO-sjef Ole Erik Almlid til NRK.

Støre: – Me har full kontroll

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) er også oppteken av situasjonen i Hormuzsundet og beredskap.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

– Det er viktig å seie at me har full kontroll på dette no, seier han og legg til;

– Det verdsbilde som er byrjar vi å merke no. Om Hormuzsundet blir verande lukka så er det alvorleg, så det må me jobbe for fullt med.

Slutt på «den djupe freden»

I fleire tiår har norsk beredskap vore prega av det analytikarar kallar den djupe freden.

Men dei siste åra har tilliten til den globale marknaden fått djupe sprekker.

Ein ny rapport frå Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) underbyggjer alvoret.

Forskarane slår fast at Noreg er kritisk avhengig av import av diesel og flydrivstoff, og gjer eitt poeng av at vi berre har eitt attverande raffineri, på Mongstad i Vestland.

Rapporten konkluderer med at det er eit enormt gap mellom det vi har i dag og det vi treng i krig.

Orlogskaptein: – Ei alvorleg svikt i den nasjonale beredskapen

Tor Ivar Strømmen, Sjøkrigsskolen / Forsvarets høgskole

– Trygg tilgang til drivstofflager, verna, helst i fjell, spreidde og lett tilgjengelege, er avgjerande for nær sagt all sivil og militær verksemd i ei stode prega av gråsonepress eller konvensjonell krig. Ein motstandar slår ikkje fyrst mot det som er sterkast verna, men mot det punktet der svakheita er størst og særleg dersom dette kan velte alt anna. Forsyningstryggleik for drivstoff er nett eit slikt punkt.

– I Noreg talar me, med rette, om mattryggleik og sjølvforsyning. Men utan drivstoff, tilgjengeleg der og når det trengst, kan me korkje produsere maten eller få han fram til dei som skal leve av han. Dei norske beredskapslagera svarar i dag til om lag tjue dagars forbruk. Når så grunne reservar i tillegg delvis er samla i store og sårbare anlegg, er dette ikkje lenger eit administrativt spørsmål. Då er det eit strategisk problem. I klårtekst er det ei alvorleg svikt i den nasjonale beredskapen.

– Noreg har likevel eitt mogleg mottrekk til denne veikskapen. I ei krise eller i krig kan staten trekkje på private ressursar, Notraship. Det gjeld ikkje berre sjølve transportmidla, men òg det større kommersielle og logistiske apparatet som held dei i drift. Den norske handelsflåten kan difor, sjølv om han aldri kan erstatte solide nasjonale drivstofflager, gje styresmaktene eit visst handlingsrom til å dirigere om skip og lastar, også raffinerte drivstoffprodukt, i samsvar med nasjonale behov. Men denne føremonen har si eiga politiske skyggeside. Det som tener norske behov i ein knapp situasjon, treng ikkje samanfall med interessene eller prioriteringane til allierte som samstundes står i same mangelen.

– Elles, den finske National Emergency Supply Agency opplyser at Finland har minst fem månader med drivstoff i pliktige og beredskapsmessige lager, altså vesentleg meir enn 90 dagar.

Sjursøya i Oslo fungerer som Noregs største og viktigaste energilager, og det er her dei store tankane med bensin, diesel og flydrivstoff står plasserte. Men sjølv om tankane er massive, er innhaldet berre berekna på å halde hjula i gang i 20 dagar.

– Marknaden fungerer ikkje i krise

Bjarne Schieldrop, sjefanalytikar for råvarer i SEB, forklarar til NRK at oljenasjonen Noreg er i ei sårbar «dieselfelle».

Etter at Esso la ned raffineriet på Slagentangen i 2021, må over halvparten av dieselen og nesten alt flydrivstoff bli importert.

– Greia er jo at når det verkeleg blir forsyningskrise, så fungerer ikkje desse marknadene skikkeleg lenger. Dei som då normalt eksporterer, sluttar å eksportere, seier Schieldrop.

Han legg til:

– Det blir ein sånn «hoarding»-mentalitet som gjer at krisa blir mykje verre enn det ein trudde, seier han.

I tillegg til dei faglege åtvaringane, aukar detpolitiske presset om at regjeringa må ta grep.

Senterpartiet har nyleg fremja eit framlegg på Stortinget om å firedoble dei norske lagera til nitti dagar, på linje med nabolanda våre.

Framlegget får støtte frå Frp-leiar Sylvi Listhaug, som i vinter peika på dei tomme tankane ved det nedlagde raffineriet på Slagentangen som ei gyllen moglegheit til å auke kapasiteten raskt.

Regjeringa varslar grep

Næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) stadfestar no at regjeringa rykker ut for å tette gapet.

I eit skriftleg svar til Stortinget varslar ho at forskrifta om beredskapslagring frå 2006 blir revidert og sendt på høyring i løpet av 2026.

– Vi arbeider med tiltak som å auke kravet til drivstofflagring og ferdigstille ei prioriteringsordning for drivstofforsyning, skriv Myrseth.

Målet er å sikre at Forsvaret, sjukehus og matlogistikk blir prioritert dersom det blir tomt.

NHO-sjef Almlid seier at organisasjonen allereie har hatt møter med myndigheitene i saka – og varslar at kontakten skal trappast opp i tida framover.

– Vi må nok sjå på dette på ein litt ny måte no enn vi har gjort fram til i dag, seier han.

– Meir dialog med privat næringsliv er hjarteleg velkommen. Vi har hyppig kontakt nå med Rådet for drivstoffberedskap og snakkar sjølvsagt også gjerne meir med NHO om situasjonen, seier statssekretær Ragnhild Syrstad i Nærings- og fiskeridepartementet.

Dersom importen av ferdigraffinert diesel og flydrivstoff sviktar, er vi i praksis avhengige av at produksjonen på Mongstad går for fullt.

🏷️ Extracted Entities (36)

Noreg (entity) Ole Erik Almlid (person) Næringslivets Hovedorganisasjon NHO (organization) Drivstoffprisen (Hordaland) 📁 (category) Finland (place) Forsvaret (entity) Hormuzsundet (entity) Olje og gass 📁 (category) Politikk 📁 (category) Politikk og samfunn 📁 (category) Samfunn 📁 (category) Samfunnsliv 📁 (category) Samfunnssikkerhet og beredskap 📁 (category) Bjarne Schieldrop (person) FFI (entity) Jonas Gahr Støre Ap (person) Mongstad (place) Slagentangen (entity) Stortinget (entity) Esso (entity) Frp (entity) Frp-leiar Sylvi Listhaug (organization) IEA (entity) Midtausten (entity) National Emergency Supply Agency (person) Notraship (entity) Nærings (entity) Næringsminister Cecilie Myrseth Ap (person) Oslo (place) Ragnhild Syrstad (person) Rådet (entity) SEB (entity) Sjøkrigsskolen (entity) Sverige (entity) Tor Ivar Strømmen (person) Vestland (place)

📊 Metadata

Category: Samfunnssikkerhet og beredskap, Olje og gass, Drivstoffprisen (Hordaland), Politikk og samfunn, Samfunn, Samfunnsliv, Politikk