Herold

No stuper hotellprisane til VM: – Begynner å få panikk

Kilde: NRK Author: Ole Kristian Strøm Published: 2026-04-17 09:00:03
No stuper hotellprisane til VM: – Begynner å få panikk

Endeleg ei gladnyheit til USA-reisande VM-supporterar: Amerikanske hotell dumpar romprisane.

Skyhøge billettprisar, dyr transport, visumtrøbbel og Trump og krig har gjort at mange fotballfans vel å droppe VM.

Nå har dette ført til kraftig fall i hotellprisane i mange byar, melder Financial Times.

Dei viser til datatenesta Lighthouse Intelligence.

I byar som Atlanta, Dallas, Miami, Philadelphia og San Francisco har prisane falle med omtrent ein tredel frå toppnivået som folk måtte betale tidlegare i år.

Også New York-området, der Noreg speler éin av kampane sine, opplever hotellbransjen at etterspørselen sviktar, noko som kan føre til prisfall.

LANDSLAGET SITT HOTELL: Grandover Resort i Greensboro, Nord-Carolina.

– Eg ser at mange begynner å få panikk og set ned prisane, seier Scott Yesner, grunnleggar av det Philadelphia-baserte utleige- og hotellselskapet Bespoke Stay, til Financial Times.

– Det er sånn som kan skje, seier Odd Roar Lange, også kjent som «The Travel Inspector».

– Dette er ikkje heilt kva vi hadde føresett for tre–fire månader sidan. Vi trudde at dette meisterskapet skulle bli som dei fleste andre der prisen går til vêrs – og blir der. Men det er ikkje lenger like attraktivt å reise til USA på grunn av Trump og hoffet hans.

REISEEKSPERT: Odd Roar Lange.

– Kva råd har du til fotballfans no?

– Akkurat no ser det ut som prisane fell enda meir, og då kan det vere lurt å vente – om du tenker økonomi. Dei som bestilte rom som ikkje kan refunderast heilt i starten, blir taparane. Men samtidig hadde dei meir å velje mellom og kan gle seg lenge til reisa. Samtidig er det veldig vanskeleg å føresjå kva som skjer med Trump som president. Det påverkar også prisane.

Senatshøyring

Turismen til fotball-VM var også eit stort tema då senatet onsdag hadde ei høyring om meisterskapet. Der uttrykte fleire representantar bekymring til om fotball-VM ville gi det løftet ein hadde håpa på etter eit skuffande 2025. For første gong sidan covid-pandemien fall inntekta per hotellseng.

Sebastian Husvik, leiar av Oljeberget, er glad for at det endeleg kjem hyggelege nyheiter for supporterane.

SUPPORTERLEIAR: Sebastian Hasselgård Husvik.

– Det er positivt, for det blir jo eit kjempedyrt meisterskap. Folk er kreative for å spare og har gått saman for å få bra prisar slik at dei kan vere lenge i USA. At hotellprisane fell, er godt nytt for dei som har valt å sitte på gjerdet til no.

– Skal du til VM?

– Nei, det blei for dyrt!

FIFA-sjef Gianni Infantino har fleire gonger uttalt at meisterskapet vil ha ein kraftig effekt på turismen til USA. Han beskreiv i 2024 VM 2026 som ein «økonomisk katalysator utan sidestykke».

Ingen løft

– Eg kan kategorisk seie at vi ikkje har sett noko stort løft ennå. seier Vijay Dandapani president for hotellforeininga i New York City, til Financial Times.

FIFA har sjølv kansellert tusenvis av reserverte hotellrom. Kor mange, er ikkje klart, men berre i Philadelphia er det snakk om 2.000, ifølge ein hotellorganisasjon i byen, skriv ABC News.

FOXBOROUGH: Dette er frå garderobane på Boston stadion, der Noreg skal spele sin første VM-kamp den 17. juni.

Football Supporters Europe har rekna ut at det vil koste minimum 6.900 dollar for ein supporter å følge laget sitt gjennom heile VM til ein finale. Berre i stadionbillettar. Det svarer til 65.000 kroner og er nesten fem gonger så mykje som i Qatar-VM for fire år sidan.

Sju gonger høgare

Det har komme ei rekke nyheiter dei siste dagane om dyr transport i fotball-VM. For nordmenn er det særleg interessant at togprisane både i Boston (to norske kampar i gruppespelet) og New Jersey (éin norsk kamp) skal til vêrs for VM-tilskodarane.

TOGSTASJON: Mange nordmenn skal ta toget her frå South Station i Boston ut til arenaen i Foxborough.

I Boston handlar det om 80 dollar tur/retur, fire gonger så høg pris som til vanleg, mens det til New Jersey skal vere sju gonger så mykje ifølge The Athletic. Samtidig er talet på parkeringsplassar kutta kraftig ned i forhold til det som er vanleg rundt VM-stadiona. Dermed har prisane auka kraftig òg.

– Vi er ikkje nødvendigvis så opprørte over denne «ta dei rike»-manøveren – men denne prisgaloppen gjer også at alt hamnar langt utanfor rekkevidd for vanlege fans. Sjølve spelet er kanskje vakkert, men det er jaggu mange stygge parasittar som ser ut til å ha infisert det, skriv New York Post.

🏷️ Extracted Entities (34)

Boston (place) USA (entity) Financial Times (organization) Fotball-VM 2026 📁 (category) New York Post (organization) Philadelphia (place) Trump (entity) ABC News (organization) Football Supporters Europe (person) New Jersey (person) Noreg (entity) Odd Roar Lange (person) Athletic (entity) Atlanta (place) Bespoke Stay (person) Dallas (place) Foxborough (entity) Gianni Infantino (person) Grandover Resort (organization) Greensboro (entity) Lighthouse Intelligence (person) Miami (place) New York City (organization) Nord-Carolina (entity) Oljeberget (entity) Qatar-VM (entity) San Francisco (place) Scott Yesner (person) Sebastian Hasselgård Husvik (person) Sebastian Husvik (person) South Station (organization) The Travel Inspector (entity) Vijay Dandapani (person) York (entity)

📊 Metadata

Category: Fotball-VM 2026
OpenGraph Title: Fotball-VM: VM-hotell blir billigare
Twitter Title: Fotball-VM: VM-hotell blir billigare