Herold

Tørka frukt som rosiner og fersken og mango kan vere sukkerbomber

Kilde: NRK Author: Melissa Ipek Frantzen Published: 2026-04-18 06:00:26
Sunn snack-fella: Er tørka frukt eigentleg betre enn godteri?

Vi har lært at frukt er sunt. Men så fort vatnet forsvinn, stiller saka seg heilt annleis.

Saken oppsummert

  • Tørka frukt inneheld konsentrerte mengder kaloriar og sukker på grunn av fjerna vassinnhald.
  • Sjølv om det er rikt på fiber, vitamin og mineral, kan det føre til rask blodsukkerstigning, likt som godteri.
  • Kombinasjon med nøtter, yoghurt eller mjølk kan gi ei jamnare blodsukkerstigning og tilføre andre næringsstoff.
  • Nokre typar tørka frukt kan vere tilsett sukker og olje, noko som gjer dei mindre sunne.
  • Ernæringsekspertar tilrår moderasjon – ei handfull tørka frukt er ofte nok.
  • Frukt, enten fersk eller tørka, er ei kjelde til nyting, men det er viktig å lese innhaldslista og vere bevisst på mengda.

– For min del går det mest i rosiner, gjerne til grauten, seier Lars Østensen.

Han sit i ein sofa på Nord universitet saman med kompisen Eivind Engeseth og et lunsj.

– Det er frukt, og det kjem jo frå naturen. Det er naturleg at det skal vere sunt, seier Eivind Engeseth.

Men er det eigentleg eit sunnare alternativ?

Lars Østensen og Eivind Engeseth tar lunsjpausen på Nord universitet. I matpakken for dagen dukka det opp ein fersk banan.

Ei komprimert sanning

Det dukkar stadig opp nye produkt med tørka frukt og bær i butikkhyllene.

Ved kassa bognar det av bananskiver, dadlar, ananas og tørka mango – med og utan sjokolade.

Det som ser ut som eit sunt mellommåltid kan i realiteten vere ei konsentrert energibombe.

Fersk frukt består av opptil 90 prosent vatn. Når vatnet blir fjerna, skjer det noko underleg.

Då inneheld nemleg den tørka frukta nesten like mykje energi som sukkerbitane du prøver å unngå.

Fagkonsulent i ernæring, Kristin Lundestad Førde, trur at mange ikkje veit kor mange kaloriar tørka frukt inneheld.

– Fordi ein fjernar mesteparten av vassinnhaldet, blir energimengda meir konsentrert.

Ein sit altså igjen med alle kaloriane og sukkeret, men i eit mykje mindre volum.

Ein neve druer kan innehalde 50 kaloriar. Same mengde rosiner gir meir enn fire gonger så mykje.

Så mykje vatn er det i frukta:

  • Banan ca. 75%
  • Druer ca. 80%
  • Eple ca. 85%
  • Mango ca. 85%
  • Ananas ca. 90%
  • Fersken ca. 90%

Blodsukker-fella

– Ein vil få ei rask blodsukkerstigning på same måte som med godteri, seier Førde.

Likevel kan innhaldet av fiber bremse blodsukkerstigninga noko.

Når vatnet i frukta blir fjerna sit ein igjen med eit mykje mindre volum. Det forklarar kvifor energimengda i ein liten bit blir så kraftig.

Men ho har eit godt råd:

– Saman med litt nøtter, yoghurt eller melk vil det gi ei jamnare blodsukkerstigning. Då får ein også inn andre næringsstoff som feitt, fiber og protein.

Namnet kan lure deg

Ifølge Mattilsynet finst det ingen eigne reglar for kva som kan bli kalla for tørka frukt kontra fruktgodteri.

Matinformasjonsregelverket krev berre at merkinga skal vere korrekt, tydeleg og ikkje villeiande.

For ferdigpakka produkt som skal seljast i butikken er det nokre reglar.

– Obligatoriske opplysningar som blant anna ingrediensliste og næringsdeklarasjon skal bli merkte, seier Lindis Folkvord.

Tilbake i Bodø har Eivind, som helst held seg til fersk frukt, snart ete opp bananen.

Lars Østensen og Eivind Engeseth diskuterer om «frukt» automatisk betyr at det er sunt, enten ho er tørka eller ikkje.

– Eg pleier ikkje å lese kva som står bakpå pakken, seier Lars.

Kameratane trur mange tenker at frukt er frukt.

– Eg trur kanskje dei bevisst marknadsfører det som om det er like sunt som ei vanleg frukt, seier Eivind.

Skal du ete 90 druer til lunsj? Sannsynlegvis ikkje. Men i tørka format blir jobben lettare.

Fiber og vitamin

Sjølv om tørka frukt inneheld fleire kaloriar, poengterer ernæringskonsulent Førde at ho også inneheld fiber og fleire vitamin og mineral.

– Det er sånn sett eit betre alternativ enn godteri og sjokolade, men alt med måte, ei handfull er som regel nok, seier Førde.

Enten ho er fersk eller tørka, er frukt ei kjelde til både sunnheit og rein nyting. Kos deg med kvar bit!

Likevel bør ein vere merksam på at nokre typar tørka frukt kan ha blitt tilsett sukker og olje for å auke haldbarheita.

– Det er ikkje noko problem å kose seg med litt tørka frukt eller godteri innimellom, så lenge ein har gode rutinar på kvardagskosthaldet.

Tørka frukt

  1. Inneheld fiber og fleire vitamin og mineral enn godteri.
  2. Tørka frukt er kaloritett fordi vatnet frå frukta blir fjerna. Difor må ein ete fleire einingar for å få same kjensle av å vere mett som ved vanleg frukt.
  3. Ei handfull er nok. Alt med måte.
  4. Under trening eller lengre turar i fjellet kan tørka frukt vere eit smart alternativ til rask påfyll av energi.
  5. Ønsker ein å gå opp i vekt, kan tørka frukt vere eit godt mellommåltid, gjerne kombinert med litt nøtter.

🏷️ Extracted Entities (17)

Eivind Engeseth (person) Kristin Lundestad Førde (person) Lars Østensen (person) Barn og unge (Nordland) 📁 (category) Frukt og bær 📁 (category) Frukt og grønt 📁 (category) Helse 📁 (category) Helse og livsstil 📁 (category) Kosthold 📁 (category) Mat (Nordland) 📁 (category) Mat og kosthold 📁 (category) Nord universitet 📁 (category) Nordland 📁 (category) Nord (entity) Bodø (place) Lindis Folkvord (person) Mattilsynet (entity)

📊 Metadata

Category: Nordland, Frukt og grønt, Mat og kosthold, Helse og livsstil, Mat (Nordland), Kosthold, Barn og unge (Nordland), Nord universitet, Helse, Frukt og bær
OpenGraph Title: Tørka frukt som rosiner og fersken og mango kan vere sukkerbomber
Twitter Title: Tørka frukt som rosiner og fersken og mango kan vere sukkerbomber