Herold

Konkurs fører til lengre ventetid

Plus
Kilde: Vaksdalposten Author: Kent Amundsen Published: 2026-04-16 15:00:00
Konkurs fører til lengre ventetid

Norsk bibliotektransport AS er konkurs. Dette fører til mellombels stans i innlån av bøker frå andre bibliotek og lenger ventetid på nye bøker ved biblioteka i Vaksdal.

Konkursen i Norsk bibliotektransport AS påverkar verksemda ved hovudbiblioteket på Dale og filialen på Vaksdal. Selskapet har stått for frakt av bøker mellom bibliotek i heile landet, i tillegg til levering av nye bokinnkjøp.

Stans i bestillingar

Vaksdal folkebibliotek tek ikkje imot nye bestillingar på bøker frå andre bibliotek i ein periode framover. Lånarar kan heller ikkje bestilla bøker sjølve via tenesta Bibsøk.no.

- Dersom du har bestilt bøker frå andre bibliotek, blir desse avbestilt eller forseinka, opplyser Vaksdal kommune.

Vanleg utlån av bøker som allereie finst i hyllene på Dale og i Vaksdal, går som normalt. Lånarar som har bøker frå andre bibliotek heime, kan førebels behalda desse.

Lengre ventetid

For lånarar som ventar på heilt nye utgivingar, vil ventetida no bli lengre. Biblioteket har ikkje oversikt over når dei nye bøkene kan leverast.

- DErsom du står på venteliste for nye bøker me ikkje har fått inn endå, blir ventetida forlenga, vert det opplyst.

Arbeidar med løysing

Nasjonalbiblioteket og Bibliotekutvikling Vestland leitar no etter nye transportløysingar saman med biblioteka i fylket. Det er uvisst kor lang tid dette arbeidet vil ta.

- Vaksdal kommune veit ikkje kor lang tid dette vil ta, og har full forståing for frustrasjon hjå lånarane over dette, går det fram av meldinga frå kommunen.

Populært gaming-rom på biblioteket

🏷️ Extracted Entities (6)

Vaksdal (place) AS (organization) Dale (entity) Bibliotekutvikling Vestland (organization) Bibsøk.no (entity) Norsk (entity)