Testopolitikk frå statsministeren
Plus
Jonas Gahr Støre fekk eit innfall der han på sparket lova at alle skulle få drikka øl på utestadar heile natta under fotball-VM.
Det han gløymde å nemne, er at det er kommunane som fastset skjenkereglane. Ikkje statsministeren. Det står i alkohollova, og det veit kvart einaste kommunestyre i landet.
Ein statsminister kan ikkje styra landet på denne måten. Etter innfallsmetoden.
I Lærdal seier dei tull. I Aurland er fleire representantar skeptiske, men kommunedirektøren tilrår å godkjenne denne endringa i skjenkereglane. Kva no han har med det å gjera.
No sit kommunestyra rundt om og diskuterer noko me ikkje veit kva blir. Stortinget har ikkje gjort vedtak. Me veit ikkje om dette vil gjelde alle kampar, berre Noreg sine, eller om det blir noko av i det heile.
Skjenkestadane er lunkne. Tilsette kjenner seg overkøyrde. Prisen for å syne kampane var heller ikkje noko som blei nemnt, der i augneblinken.
Ungdomskandidaten vår i Jostedalen seier det slik; dette luktar TESTO. Dette er Støre som appellerer til GUTTA. Hoi hoi!
Støre gløymer og at det er ein grunn for at me har strenge skjenkereglar i Norge. Det handlar om ro og orden, omsyn til dei som jobbar i bransjen, og det handlar om at me veit at auka tilgjengelegheit aukar konsumet.Når me først er i gang; kva med å fjerne fartsgrensene i august? Moro for mange. Ein del ulukker. Men me må tola litt, ikkje sant?
Men det er på same måte ein grunn for at me har fartsgrenser her i landet. Også desse er strenge.
Begge dele gjer Norge til eit annleis og skikkeleg kult land.