Konkurs råkar bibliotek over heile landet
Plus
- april slo Norsk bibliotektransport (NBT) seg konkurs.
Det melder selskapet sjølv i ei pressemelding.
– Det lukkast ikkje å koma fram til ei løysing som sikrar vidare drift, trass hardt arbeid og ein god dialog med kreditorane. Styret har difor vurdert det som ei nødvendig og ansvarleg avgjerd å be om at det blir opna konkurs, seier styreleiar Terje Eid-Hviding i NBT.
Konkursen fører til at transporten som har gått mellom bibliotek over heile landet ikkje går lenger. Dette får konsekvensar for biblioteket over heile landet.
Onsdag kveld skreiv biblioteket i Sogndal følgjande på si Facebookside:
– Biblioteka i kommunen får ikkje sendt frå oss bøker eller motta bøker frå andre bibliotek, og transporten mellom avdelingane våre er avgrensa. Dette medfører at det vert noko lenger ventetid på bestilte bøker. Me beklagar ulempene og håpar på ei snarleg løysing.