Herold

Bøtene hagla – og ein førar er meld til politiet

Plus
Kilde: Sogn Avis Author: Sigrid Nese Thue Published: 2026-04-16 12:21:38
Bøtene hagla – og ein førar er meld til politiet

Torsdag, mellom klokka 10.30 og 14.00, gjennomførte UP fartskontroll i 50-sona på E39 ved Vassenden.

Det vart til saman skrive ut 30 forenkla førelegg. I tillegg vart ein førar meld til politiet.

– Vedkomande vart målt til 61 km/t og ville ikkje godta førelegget, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Høgste fart som vart målt under kontrollen var 68 km/t.

🏷️ Extracted Entities (5)

E39 (entity) Knut Dahl-Michelsen (organization) UP (entity) Vassenden (entity) Vest (entity)