Foreldra i Sola kan velja om dei ønskjer opplæring på nynorsk eller bokmål
Plus
Når norske idrettsfolk vinn gull og ære. Er vi sola over dei, og opplever det mest som om det er vi sjølve som har vunne, innleiar innsendaren av dette lesarbrevet.
For første gong på 100 år fekk ein nordmann, nynorskforfattaren Jon Fosse Nobelsprisen i litteratur. Nynorsk kan måla seg med kva språk som helst i verda. Det er ein som får Nobelprisen i litteratur kvart år, medan det er fleire tusen som vert verdsmeistrar i ulke idretter.
Men er vi stolte over språket vårt? Ivar Aasen studerte dei norske dialektane og fann eit språk, nynorsk.
Det er nok slik at dei aller fleste ikkje tenkjer så mykje på dette valet. Dei bare vel bokmål som dei fleste. Det er lettast. Å velja nynorsk, krev mot og tanke. Dei må avgjera om dei skal følgja med straumen eller våga å stå imot eit massivt fleirtal. Men foreldra har rett til å velja nynorsk.
Vi har skule for å læra. Kva vil ein så læra? Eit val er kva opplæringsspråk ein ønskjer barnet skal læra.
Nynorsk ligg nærast dialekten i Sola, sjølv om mange ikkje vil tru det. Det er eit godt læreprinsipp å begynna med det kjende. Det er lettare å skriva slik ein snakkar, og lærer ein nynorsk vil ein òg skriva godt bokmål om den tida skulle koma. Dei som vel nynorsk lærer å skriva og forstå nynorsk på skulen. Bokmål lærer ein utanfor skulen. Val av nynorsk er vinn- vinn.
Det er viktig å styrkja og halda på dialekten vår. Vi er stolte av dialekten vår, og dei fleste ønskjer å bruka dialekten. Det er kjekt å høyra folk som snakkar ulike dialektar, og det gjer språket vårt rikare. Nynorsk er skriftspråket til dialektane våre.
Den danske ordboka omtalar bokmål på følgjande måte: det ene af de to officielle sprog i Norge udviklet i Oslo området på grunn av dansk. Bokmålselevar vert på ein måte tospråklige, snakkar dialekt (nynorsk) til dagleg og skriv på bokspråket.
Dialektane og nynorsk gjer oss betre til å forstå språk. Nordmenn forstår svensk og dansk betre enn svenskane og danskane forstår nabospråka våre. Nynorsk grammatikk kjenner ein att i tysk og fransk.
Det er ikkje slik, som mange kanskje trur, at språket fører til skilje mellom barna. Barna leikar med venene sine, og dei spør ikkje om du lærer bokmål eller nynorsk. I leiken snakkar barn same dialekten og ikkje bokspråket.
For 2 år sidan vedtok eit samrøystes Stortinget Språklova. Nynorsk og bokmål skal vera jamstilte, og lova skal styrkja nynorsk. Det skal verta meir bruk av nynorsk i landet vårt, og alle skal læra nynorsk. Vi treng folk som kan skriva nynorsk. Ingen kan seia at barna ikkje får bruk for nynorsk, for barna veit ikkje kva yrke dei vel og kva stad dei kjem til.
For nokre foreldre er det viktig å velja nynorsk, for andre bokmål. I Sola er nynorsk i mindretal. Men foreldre som har tenkt å velja bokmål, kan velja nynorsk utan at barnet taper på det, tvert om. For nokre kan det vera ein måte å visa solidaritet med eit mindretal ved å velja norsk. Mindre klassar kan òg vera eit poeng for nokre. Det mange fordommar og motførestillingar om nynorsk. De kan vera godt for einkvar å tenka igjennom desse motførestillingane.
NB ønskjer de råd og rettleiing kan de ta kontakt med Sola Mållag, Facebook eller TikTok.