Herold

Vondt i magen

Plus
Kilde: Kvinnheringen Author: Per Ove Kviteberg Published: 2026-04-16 11:39:16
Vondt i magen

Du kjenner att kjensla. Noko gale kjem til Ă„ skje, som ikkje burde skje, i alle fall ikkje enno. Kvifor fĂ„r ein ofte denne «vondt i magen» kjensla nĂ„r det er snakk om store, strategiske val i Kvinnherad? Er vi pĂ„ veg inn i same fella som fleire gonger fĂžr, der ei viktig avgjersle vert tatt fĂžrst, utan skikkeleg fagleg grunnlag – og argumenta konstruert i ettertid?

Det kan vera mange gode grunnar til at vi vil ha datasenter i Kvinnherad. Hugs at vi er pÄ seljar-sida i ei slik sak! Men Ä invitera inn den fÞrste og beste som melder seg i ei sÄ viktig avgjersle er lite klokt, slik fleire har bemerka. Om ein legg eit minimum av bedriftsÞkonomisk teori og praksis til grunn for korleis ei sak som dette bÞr handsamast, er det ikkje forsvarleg.

Ei kort oppmoding: Grei ut spÞrsmÄlet skikkeleg fÞrst og fÄ ein truverdig konsekvensanalyse pÄ bordet til kommunestyret. Vil politikarane dÄ gÄ vidare med etablering av datasenter, vil det melda seg langt fleire og meir seriÞse interessentar enn dei to som er pÄ banen no. Det kan eg garantera!

Det kan henda at ulempene vert vurderte som stÞrre enn fordelane, og dÄ er det lov Ä seia nei. Men utan ei grundig utgreiing og konsekvensanalyse vert det Ä stola pÄ magekjensla. I denne saka er mi temmeleg vond!

đŸ·ïž Extracted Entities (1)

Kvinnherad (entity)