Datasenter: Ei slags støtteerklæring til politikarane
Plus
Mange har skrive gode innlegg om kvifor Kvinnherad kommune ikkje bør selja tomt på Husnes til datasenter. På Kvinnheringen si spørjeundersøking svara eg «eg er usikker», og eg tippar at politikarane som skal handsama dette også føler seg litt usikre. Dette innlegget er meint som ei slags støtteerklæring til dei – for denne saka er ikkje heilt lett.
Personleg kunne eg tenkt meg at det var få datasenter i verda og at desse prosesserte og lagra data for å utretta berre gode, snille ting, men det er fordi eg er personleg data-teknologi-pessimist og høyrer til ei svært lita gruppe dinosaurar.
Er det noko folk i verden, Noreg og Kvinnherad vil ha så er det datasenter. Kan hende ikkje folk meiner det dersom ein spør dei sånn i farten, men om ein legg til nokre oppfølgingsspørsmål, så kjem det nok fram at datasenter er som ein potetåker for dei som elskar poteter – ein må ha det.
Datasenter produserer ei vare som me alle har ein umetteleg appetitt på. Ikkje berre har Facebook, Snapchat og Tik Tok 9 millionar kundar totalt i landet vårt, men også stat, fylke og kommunar, og alle parti som er representert der, er rørande samde om at me skal bli verdens mest digitaliserte land. Dessutan har me i Noreg stor tru på at KI er svaret på nær sagt det meste i framtida.
Når ein les prognosar, så er det lite som tyder på at bruken av KI vil bli mindre framover. Enkelte analysar som eg har lese, estimerer eit konsum av reknekraft for KI som er nesten vanskeleg å ta innover seg.
Eg vil nesten påstå at viljen konsum av data-prosessorkraft og lagring er noko av det me er minst usamde om i landet vårt – rett nok målt i faktisk handling, og ikkje i lesarbrev-spalteplass.
Så til politikarane sitt problem: Dei skal no ta stilling til om verdens mest etterspurde, «grøne» vare, der nesten alle folk er kundar og alle sektorar ropar «meir, meir, meir» bør få etablera seg i Kvinnherad. Eg lurer berre på, dersom ein svarar nei; kva i all verden skal ein skriva i avslaget?