Herold

Tryllekunst på Kleppe: Er «Plogen» ein bygning?

Plus
Kilde: Jærbladet Author: Gunnar Braut, Kleppe Published: 2026-04-16 08:59:12
Tryllekunst på Kleppe: Er «Plogen» ein bygning?

Klepp kommune har laga ein gimmick (eit salgsfremjande påfunn) ved å kalla det komande kulturhuset «Plogen». Ordet kultur hadde vel opprinneleg tyding: dyrking av jorda.

Men med tida har vel bruken av kultur-ordet utvikla seg til noge meir diffust og oppblåst.

Dei fleste landbruksredskap og -maskinar treng jord, frø eller planter for å vera til nytte. «Plogen» er eit bilete, men det må vera lov å spørja om det er tilhøyrarane i dette huset som skal vera «jorda» og underhaldninga «såkornet» ?

Orda fra mikrofonen og høgtalarane vil nok spira utan plog- anten dei er gode eller mindre gode.

Plogen skal visstnok vera ein del av pryden på ordførarkjedet til Klepp, og da går tankane til gjevaren Kverneland plogfabrikk. Men dei kallar ein plog for ein plog – jamfør det jærska uttrykket: ei spade for ei spade.

Viss Klepp hadde vore ein meir jordvernande kommune, da hadde kanskje fleire hatt sympati for namnevalget «Plogen». Men i praktisk politikk vert god jord ned-/oppbygd, og private hagar vert i stigande grad nytta til buareal og hus. Kva med evt. matproduksjon i krisetider og det helsefremjande med hagearbeid?

Det finst sjølsagt viktigare ting i verda enn misbruk av ord i Klepp. Men det er likevel døme på eit hovedproblem i tida: At fleire bløffmakarar og ordmagikarar ukritisk får breiså orda og påstandane sine. «Det frie ordet» er ikkje fritt for alle, men smalstyrt av dei med makt.

Vanlege folk slepp sjeldan til i riksmedia, og dei svevande og altvitande politiske riksåndene vil ha monopol og regi på ordvalg og meiningane i tida. Og styra «sanninga og lovens rett» i det meste.

Fleire ønskjer at veljarane/innbyggjarane vert verande i ekkodalen, og at dei lydig «sår» vidare dei orda som dalar ned fra himmelrommet. Mediefolka spring som oftast etter «lyset fra stjernene» – dvs. toppane innan politikk, idrett og underhaldning. Og gløymer samtidig at det verkelege livet skjer nede på jorda.

Ser dei Klepp at den fjørlause «foggelen» i rundkjøringa ved tunellen har nebbet høgt i lufta?

Den er så stiv i kroppen og nebbet, at den ikkje greier bøya seg ned til maten på jorda.

Bør Ola og Kari Klepp vera meir vakne? «Foggelen» er ingen ekta fugl.

🏷️ Extracted Entities (6)

Plogen (entity) Kari Klepp (person) Kleppe (entity) Bør Ola (person) Foggelen (entity) Kverneland (place)