Herold

Lokkar med «lått og løye» på landsbygda

Plus
Kilde: Jærbladet Author: Håvard Ovesen Published: 2026-04-16 16:16:24
Lokkar med «lått og løye» på landsbygda

Klepp bygdekvinnelag inviterer til Farmen-dagen 2026 på Horpestad.

– Det me treng i desse tider er ein god drøs, lått og løye med leik på tvers av generasjonar, kontakt med dyr og med jord. Det vil gje glede og tilknyting!

Dette seier leiar for Klepp bygdekvinnelag Marianne Øvregaard. Ho inviterer no alle til ein innhaldsrik familiedag saman med bondeorganisasjonane i Klepp.

Etter det dei reknar som ein braksuksess i fjor har Klepp bygdekvinnelag, Fram 4H, Klepp Bygdeungdomslag og Klepp Bondelag igjen gått saman om å arrangera «Farmendagen».

Dette skjer på Horpestad kultursenter, som er nytt namn på den gamle skulen på Horpestad. Dette er no blitt til ein møtestad for kulturaktivitet og trening, der både organisasjonar og kunstnarar utfaldar seg heile året. Klepp kommune har vore med og lagt til rette for ny bruk, og gjort det gratis å leige for lag og foreiningar i Klepp.

– Gode møtestader er viktige for å styrka inkludering og samkjensle. Det passar spesielt godt å setja fokus på no i Totalforsvarsåret 2026, påpeiker Øvregaard.

– Me håpar at «Farmendagen» òg kan gje inspirasjon til å læra meir om bondeyrket, og me deler ut gratis hefte om mat og dyr til barna. Me oppmodar fleire unge og vaksne til å bli medlem i ein frivillig organisasjon for å fremja levande og berekraftige bygder, seier Øvregaard.

«Farmendagen» er eit familiearrangement, gratis og ope for alle, laurdag 18. april, frå 12:00 til 15:00.

Mellom anna blir det høve til å møta dyr, ri på ponni, sitta på traktor, sjå kaninhopping, så eit frø og ta med, mjølka øvingskua, gå på stylter, utfordra familien i hesteskokasting, teikna saman med ein kunstnar eller ta ein kikk innom i opne atelier hos dei ni kunstmålarane som held til i kultursenteret.

I kafeen blir det sal av lapskaus, lappar og vaflar.

Sjå reportasjen frå fjorårets utgåve:

Farmen-dag trakk hundrevis av interesserte bondespirer

🏷️ Extracted Entities (8)

Klepp Bondelag (person) Farmendagen (entity) Horpestad (place) Marianne Øvregaard (person) Farmen (entity) Fram H (person) Klepp Bygdeungdomslag (person) Totalforsvarsåret (entity)