Herold

TREseminaret på Dovre 2026

Kilde: GD Author: Ragnhild Margrethe Angard, Prosjektleder for TREseminaret, DOVRE Published: 2026-04-16 06:24:57
TREseminaret på Dovre 2026

Kveldsforedrag og handverkslaurdag– gratis og ope for alle!

Er du opptatt av at skogen vår skal forvaltast slik at neste generasjon kan ha nytte og glede av han?Vil du lære å lage eit treinstrument?Er du nyfiken på korleis ei korg av spon blir til?Eller har du born som vil spikke med kniv?

Velkommen til TREseminaret på Hjerleid på Dovre i Gudbrandsdalen – 20.–26. april 2026.

Sidan oppstarten i 2005 har seminaret vakse til å bli leiande i sitt slag innan tradisjonelt trearbeid. Her møtest fagfolk, entusiastar og nybegynnarar for å lære, dele og oppleve handverk, kultur og natur i fellesskap.

TREseminaret tilbyr eit breitt spekter av kurs innan tre og tradisjonshandverk. Du kan mellom anna delta på kurs i lafting, restaurering av gamle tømmerhus og vindauge, lyremaking, korgmaking, treskjering, reparasjon av pinnestolar, spikking av kjøkkenreiskap, knivskaft og slire, bandkrakk, sveiping av matboks, skog- og materiallære – og mykje meir.

Seminaret gir deg solid fagleg påfyll, og ei unik moglegheit til å møte andre med same interesse.

For born og unge tilbyr vi eigne opplegg, mellom anna Handverkslaboratoriet, der unge forbilder viser tradisjonar som lafting, smiing, spikking og saum. Vi har også tilrettelagde tilbod for skuleelevar på 5. og 9. trinn og vidaregåande.

Heile familien er velkomen til aktivitetar i den bygningshistoriske parken. Her kan du oppleve tradisjonsmat, smiing, enkel treskjering, snekring av fuglekassar, snorhjul og kabylsk vev – i samarbeid med lærlingar frå Hjerleid, husflidslag, bygdekvinnelag og fleire.

Kveldsprogrammet er ope for alle interesserte og byr på inspirasjon og opplevingar, med lynkurs i gammaldans, foredrag om «kloke hus» med Jon Bojer Godal, skogforvaltning og blæking av tre med Steinar Moldal, og arbeid med kopi av takrytteren frå Borgund stavkyrkje ved Jon Anders Fløistad.

I løpet av veka arrangerer vi også gardssafari til vakre garder i Nord-Sel og Vågå, og kyrkjesafari til tre særprega kyrkjer i regionen – med kunnskapsrike formidlarar.

TREseminaret er meir enn kurs – det er ei oppleving av handverk, natur og kulturarv.

Fakta om seminaret:• Stad: Hjerleid, Dovre

• Dato: 20.–26. april 2026• Påmelding og meir informasjon: treseminaret.no

Velkomen til ei veke med skaparglede, kunnskap og gode møte!

🏷️ Extracted Entities (13)

Dovre (entity) Hjerleid (entity) Borgund (entity) Gudbrandsdalen (entity) Handverkslaboratoriet (entity) Jon Anders Fløistad (person) Jon Bojer Godal (person) Nord-Sel (entity) Påmelding (entity) Stad (place) Steinar Moldal (person) TREseminaret (entity) Vågå (entity)