Vedlikeheld bomstasjon i Førde – men utanom rushet
Plus
Bomstasjonen på E39 ved Bruland i Førde skal ha vedlikehald torsdag morgon. Då vert det manuell dirigering på vegen.
Dette arbeidet vil starte klokka 09.00, og såleis unna det største morgonrushet inn til Førde.
Trafikkoperatør Ronny Sleire ved Vegtrafikksentralen Vest fortel elles at dette arbeidet truleg ikkje vil påverke trafikken i nemneverdig grad.
Det vil vere manuell dirigering på staden medan vedvikehaldet pågår.
(Om du er så heldig at du sparar bomsatsen dersom du passerer medan folket i lift styrer på, er ukjent).
På ei anna fartsåre inn til Førde, på fv. 609 ved Ulltang, vert det også arbeid denne morgonen. Også dette arbeidet startar 09.00.
– Her skal ein ta ned ein kabel. Men dette arbeidet vil berre gi kortare stopp på om lag 15 minutt, seier Sleire.
Sluttid for dette arbeidet er klokka 15.00.