Konkurs råkar bibliotek: All transport stoppar
Plus
Selskapet Norsk bibliotektransport AS er konkurs. Det får konsekvensar for bibliotek over heile landet, også i Sunnfjord.
Selskapet Norsk Bibliotektransport AS (NBT) vart registrert konkurs 15. april i år, det kjem fram frå Brønnøysundregistera. I tillegg har selskapet sjølv informert om konkursen.
«Arbeidet med å sikre fortsatt drift av Norsk Bibliotektransport AS (NBT) lyktes ikke, og styret har derfor besluttet å be om at det åpnes konkurs.» skriv Biblioteksentralen i ei pressemelding.
NBT er eigd av Biblioteksentralen, eit samvirke eigd av 352 kommunar og ni fylkeskommunar.
Førde-biblioteket: – Stoppar all transport
Bilblioteket i Førde i Sunnfjord kommune informerer på sine Facebooksider at dette råkar all transport av bøker og anna materiale mellom bibliotek, og at dette som følgjer av konkursen er mellombels stoppa.
Dei fortel at konkursen såleis også råkar dei.
Dette vil mellom anna gjelde:
- Fjernlån frå andre bibliotek
- Retur og vidareformidling av materiale mellom bibliotek
Biblioteket i Førde understrekar at situasjonen enno er usikker, og at det ikkje er klart når transporttenesta eventualt kan starte opp att. Ein er heller ikkje kjend med om det vil komme ei alternativ løysing.
Usikre leveringstider
Konkursen vil også naturleg nok få konsekvensar for publikum, og biblioteket peikar på at bestillingar av fjernlån kan bli forseinka eller ikkje gjennomførte.
Leveringstidene vert elles usikre, og biblioteket informerer om at dei kan ha avgrensa mogegheiter til å skaffe materiale frå andre bibliotek ei stund framover.
Firda kjem tilbake med meir.