Hotell i Vadheim er konkurs
Plus
Hotellet vart lagt ut for sal i fjor etter at nye drivarar kjøpte det i 2017. No er selskapet bak konkurs.
Ifølgje Brønnøysundregistera vart Sogn Hotel AS meldt konkurs den 15. april i år. Frå registera kjem det fram at det er meldt oppbud, altså at selskapet sjølv har slege seg konkurs.
Hotellet ligg på St. Helenas plass i Vadheim, like ved krysset mellom E39 og fv. 55.
Hotellet har vore drive av ekteparet Ruth Irene Dyrhovden og Mark Wayne Lutzke, som tok over i 2017.
I fjor kom derimot nyheita om at dei valde å leggje Vadheim-hotellet ut for sal etter sju års drift.
Ekteparet peika den gongen på helseproblem som årsaka til salet, og at dei heller måtte prioritere dette framfor hotelldrifta:
Sel hotellet: – Kjem til å sakne heile bygda
Firda kjem tilbake med meir.
🔗 Published by 2 sources - Compare: