Herold

Båtulykke ved Olden Kai

Plus
Kilde: Firda Author: Sanne Slåtten Published: 2026-04-16 13:47:31
Båtulykke ved Olden Kai

Klokka 15.16 fekk politiet melding om at ein mindre fiskebåt har køyrt inn i kaia ved Olden kai.

Politiet opplyser at det kan vere hol i skroget.

Båtførar skal ha fått eit kutt i armen.

Politiet er framme på staden. Ingen mistanke om påverking på båtførar.

110 Vest melder at båten står på grunn, men kan tippe over ved fjæra. Brannvesenet skal bidra for å hindre eventuell forureining.

Ein kranbil er rekvirert for å heise opp båten frå sjøen, og den er venta om lag éin time.

Hendingsforløpet er ukjent.

Klokka 16.11 melder brannvesenet at dei har stabilisert båten. Det blir lagt ut lenser rundt båten for å halde den flytane i rett posisjon.

Firda kjem tilbake med meir.

🏷️ Extracted Entities (2)

Olden Kai (person) Vest (entity)