Herold

To personar skårfast på Skåla

Plus
Kilde: Firda Author: Sanne Slåtten Published: 2026-04-16 14:01:03
To personar skårfast på Skåla

Torsdag føremiddag fekk politiet melding om to utanlandske borgarar treng hjelp til å kome seg ned frå Skåla.

Dei skal ha vore på toppen sidan klokka 03.00 natt til torsdag.

– Ingen av dei er skadd og dei har funne ly i ei hytte, opplyser Frode Kolltveit, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt klokka 15.59.

Det er vanskelege vêrforhold på toppen med snø og vind. HRS er kopla på og har oppretta eit redningsoppdrag for å hjelpe til.

Ut ifrå vêrforholda vil ikkje sjølve redningsoppdraget skje før fredag.

– Dei to er trygge inne og har mat, straum og vatn, melder Kolltveit.

Firda kjem tilbake med meir

🏷️ Extracted Entities (3)

Skåla (entity) Frode Kolltveit (person) Vest (entity)