«Jack the Klipper» i Knarvik: No fryktar naboane kven som blir neste offer
Plus
Fleire i Knarvik har opplevd at leidningar utanfor bustadane deira blir klipt over. NH erfarar at denne typen hærverk har gått føre seg lenge.
Nyleg skreiv NH om Yossef Laroui i Oterdalen som skulle ta lettmotorsykkelen ut av bua for vårreingjering.
Då den ikkje starta oppdaga 16-åringen at alle leidningane på sykkelen hadde blitt klipt eller forsøkt klipt. Skadane var omfattande.
Det er ikkje første gongen noko slikt har skjedd i nabolaget.
Hærverk i Knarvik
Sidan 2024 har folk i Oterdalen og Oteråsen i Knarvik opplevd gjentakande hærverk av same typen. Leidningar utanfor bustadar blir klipte.
Heldigvis enda det godt for Laroui då ein anonym sykkelsamaritan betalte for reparasjonen av sykkelen hans.
Men det endrar ikkje på at Laroui-familien, Sigrunn Randal, og mange naboar har opplevd klippehærverk i seinare tid.
Står Knarvik overfor ein serieklippar? Ein «Jack the Klipper»?
Gjennom sine 17 år i bustaden har ho aldri opplevd noko som dette
Sjokkert og trist: Nokon gjekk inn i bua og øydela motorsykkelen
Anonym sykkelsamaritan betalte for å fikse den hærverkutsette sykkelen til Yossef (16)
Tilbake igjen i 2024
Sigrunn Randal bur også i Oterdalen i Knarvik. I november 2024 hadde ho dottera på overnatting hjå seg. Då Randal vakna opp midt på natta synest ho det var rart at lyset på badet og i gangen var av.
Grunna ei lang sjukdomshistorikk hadde ho løysingar på plass som gjorde at lyset på badet alltid var påskrudd.
Det viste seg at sikringa på badet og i gangen hadde gått, etter at nokon hadde klipt tre leidningar utanfor rekkjehuset hennar. Både julelysa og ladekabelen til mikrobilen hennar var øydelagde.
Hovisste ikkje kven som kunne finne på noko slikt og var heller ikkje vand med slikt hærverk i nabolaget.
–I dei 17 åra eg har budd her har eg aldri opplevd noko som dette, sa Randal til NH på tidspunktet.
Tips og rykte
I etterkant av denne hendingafekk NH tips frå fleire andre rundt Oterdalen som hadde opplevd liknande – dei hadde fått julelysa klipt.
Politiet ønskte tips frå publikum som kunne hasett eller høyrt noko i området. Men frå det NH er kjent med, enda ikkje denne etterlysinga med korkje politisak eller mistenkte.
Så, i mars i år, skreiv NH om Yossef og sykkelen hans.
Då melde det seg nok ein gong tips om at andre også hadde fåttleidningar utanfor bustadane sine vandaliserte.
– Straumen gjekk hjå naboen
NH har snakka med «Silje» som bur i området. Ho opplevde sjølv å finne avklipte julelys i vinter.
Av frykt for at gjerningspersonen (eller personane) skal finne ut kven ho er, ønskjer ho å vere anonym i denne saka, men NH kjenner identiteten hennar.
– Eg hugsar det var kvelden 14. januar. Då var det nokon som klipte leidningane til julelysa mine.
Då ho vakna neste dag og såg at lysa var av, tenkte ho berre at det hadde blåse kraftig og at leidninga hadde tatt skade av uvêret. Men då ho kom heim att frå eit ærend oppdaga ho at nokon hadde romstert i postkassane i nabolaget.
Alle lukene var opne, og ho fann posten sin i feil kasse.
På veg heim banka ho på hjå naboen for å slå av ein prat, og fekk vite at også hennar julelys hadde blitt klipte i løpet av natta. Hjå naboen hadde sikringar gått, og både kjøleskap og fryseboks var utan straum.
– Dei hadde klipt leidningane fire plassar hjå henne og fire hjå meg, to kapp i kvar lyslenke. Naboen fortalde meg at straumen hadde gått rundt klokka 23:20.
Tre hus fekk leidningane klipt
For å kome seg fram til julelysa, må gjerningspersonen ha tatt seg inn i hagane deira og gått opp til husa.
– Det er litt ekkelt. Eg går jo ein del tur i området, men aldri så seint om kvelden at eg ville sett noko til gjerningspersonane.
– Eg har fått opp kamera utanfor bustaden min, for å vere ærleg, legg ho til.
Og det var ikkje berre Silje og naboen som vart utsette. Eit tredje hus i same nabolag skal også ha fått den same behandlinga, ifølge Silje.
– Å herpe nokon andre sine ting som det der... er det ikkje forskjell på mitt og ditt lenger?
– Det er mykje som skjer her i nabolaget
Silje og naboen konkluderte med at dette må ha vore ungdommar som stod bak.
Men det skapte også litt forvirring: Det er veldig få ungdommar og barn som bur i området rundt Såta, Oterdalen og Oteråsen. I tillegg erfarer dei at ungdommane som bur her oppfører seg fint og engasjerer seg i lokalmiljøet.
– Eg trur ikkje at sånne ungdommar driv med hærverk, altså. Det gjer eg ikkje.
No vurderer Silje å ta turen ut i nabolaget om kveldane for å sjå etter gjerningspersonen.
– For ein sommar eller to tilbake var det nokon her i området som skulle selje huset sitt. Då var det også nokon innom som stal masse hagepynt frå dei. Blomepotter og liknande, seier Silje, og legg til:
– Det er mykje som skjer her i nabolaget.
Hærverk i Knarvik: Rissa skjellsord inn i bubilen
Melde saka til politiet
Silje fortel NH at ho melde saka til politiet då ho og naboen innsåg at dei hadde blitt utsette for hærverk.
– Men det er jo nesten ikkje vits eingong. Det gjekk 24 timar så blei saka lagt vekk, seier ho oppgitt til NH.
Ho ser samanheng mellom hærverket på julelysa i området og hærverket på lettmotorsykkelen til Yossef, og undrar på om det kan ha skjedd i same tidsrom.
Dessutan fekk ho nyleg med seg NH-artikkelen om ein bubil i nabolaget som også blei utsett for hærverk. Nokon hadde rissa inn skjellsord i lakken på den.
Ho skildrar det som ekkelt at området blir utsett for hærverk og at ein ikkje veit kven som står bak.
– Vi har ikkje klart å fatte mistanke mot nokon. Vi veit ikkje kven det er.