Slått i bakken over fangsten: – Det er eit heilt vilt tal
Plus
Martha har reist jorda rundt for å rydde opp. Ho ser dei same problema overalt ho har vore, men det er særleg ei stor utfordring som overraskar henne med Nordhordland.
– Eg synest det er heilt vilt.
Polske Marta Ruszczyńska må berre riste på hovudet der ho står på dekket i båten. Etter nokre timar i land i øysamfunnet Rongevær, er ho og resten av mannskapet straks klare til å ta opp att oppdraget sitt.
Den internasjonale gruppa, der USA, Polen, Frankrike, England og Norge er representerte, skal tilbake til det dei har komme til Nordhordland for:
Å rydde søppel i kystleia vår. Det er ikkje reint lite naturforureining dei hentar med seg.
– Dette er det vi allereie har henta opp i dag, seier Ruszczyńska og viser fram fleire sprekkfulle avfallsposar som er plasserte på dekket.
På berre få dagar har mannskapet på fem personar henta opp over to tonn med søppel frå kysten av Nordhordland.
– Det er eit vilt tal, særleg når det vi finn berre utgjer ein liten del av all forureininga som finst i havet.
Så ofte dei kan
Gruppa med frivillige strandryddarane frå miljøorganisasjonen «In The Same Boat» har vore på ryddetokt i Nordhordland sidan starten av mars.
Organisasjonen har fleire båtar i drift langs norskekysten. Denne våren har søppelplukkinga for eit av ryddemannskapa føregått rundt øyer og skjer i Fedje, Austrheim og Alver.
Dei frivillige har god greie på kor dei skal leite etter avfallet. GPSen deira fortel dei kor havstraumane går. Der straumane går, flyt også plastprodukt og anna naturforureining.
Oppdraget er det Morten Wesnes som leiar. Han fortel at fleire i den internasjonale ryddegjengen har komme over miljøorganisasjonen heilt tilfeldig.
– Ei av dei var på reise i Norge og såg ein av båtane våre. Etter det melde ho seg til teneste. Dei som er med oss på oppdraga er veldig motiverte for det.
Medan gruppa ryddar i Nordhordland, bur dei om bord i seglbåten «Live». Mannskapet har vore på ryddetokt all den tid det har vore mogleg.
– Så lenge vêret tillèt det er vi ute på bølgene. Så då er det fem dagar i veka, deretter ein kviledag og så ein vaskedag av båten.
– Eg gir tilbake
Heime i Polen utdanna Marta Ruszczyńska seg innan berekraft. Då ho var ferdig med utdanninga bestemte ho seg for å bruke bakgrunnen sin aktivt i det som engasjerer henne.
Ho reiste rundt i verda og såg med eigne auge korleis særleg plastikk, men òg andre typar av søppel, forureinar naturen.
Ruszczyńska sette seg eit mål for kva ho ville gjere med livet sitt:
– Eg ville gi noko tilbake til verda.
Den siste tida har ho reist rundt som frivillig søppelryddar. Det siste stoppet hennar før Norge var Ecuador, der ho jobba med å forbetre tilhøva til havskjelpadda. Gjennom sosiale medium og eigen podkast formidlar Ruszczyńska kunnskapen sin og oppdraga ho deltar i.
Uansett kor ho har vore i verda har naturforureininga vore den same.
– Eg ser dei same problema overalt.
Aldri sett så mykje
Det er likevel noko som overraskar Ruszczyńska med opphaldet hennar i Nordhordland.
– Norge er det landet eg har sett mest søppel frå fiskeindustrien. Andre stadar eg har vore er det mest plastprodukt som folk brukar i kvardagen, men det er annleis her.
Ho tar fram nokre av posane som står på dekket i båten. Ho peikar og viser at i posane ligg det fleire blåsar som har hamna på avvege.
– Og så finn vi mykje tau, noko som er svært farleg for dyrelivet. Når fisken eller andre dyr viklar seg inn i taua, blir dei fort kvelte.
– Vi finn også mykje tyrofoam som berre ligg der og flyt. Når det går i oppløysing blir det løyst opp i tusen bitar. Når det skjer, klarar vi ikkje å rydde opp alt vi kjem over. Det er så mange, mange små bitar.