Førarkortet beslaglagt: Starta her og krasja på parkeringsplassen
Plus
Vill ferd i Isdalstø enda med kraftig krasj.
Tysdag formiddag køyrde ein bil frå bensinpumpene og opp plenen som ligg i ein liten bakke, før den kolliderte med ein varebil som stod parkert på plassen.
Bilen er ein elbil av typen BMW M, som er kjenneteiknet på køyretøya frå den tyske bilprodusenten med ekstra motorkraft og sportslege eigenskapar.
Ingen vart alvorleg skadd i hendinga, men føraren av BMWen vart frakta til legevakten med smerter i armen.
– Det er ein stor bil med tilhengar som vart treft, så det har vore store krefter i sving, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore-Andre Brakstad i går.
Stasjonssjef i Nordhordland Julie Ekeland fortel i dag at politiet etterforskar saka vidare og at dei har beslaglagt førarkortet til ein mann slutten av 70-åra.
– Det blir tatt dei nødvendige skritta, seier ho.
Det er ikkje mistanke om rus.
Vill ferd over plen enda i kollisjon på parkeringsplass