Herold

Handel og Kontor har meldt 26 Felleskjøpet-butikkar til politiet

Plus
Kilde: NH Author: Lars Johan Wiker Published: 2026-04-15 13:46:20
Handel og Kontor har meldt 26 Felleskjøpet-butikkar til politiet

Felleskjøpet Agri heldt ulovleg søndagsopent i 26 butikkar, meiner Handel og Kontor, som har meldt butikkane til politiet.

(NATIONEN): Dei søndagsopne butikkane bryt både med heilagdagsfredlova og fråtek dei tilsette retten til søndagsfri, skriv fagforeininga i ei pressemelding sendt ut tysdag kveld.

Oslo-Akershus Handel og Kontor melder saka til politiet på vegne av heile forbundet.

– Felleskjøpet kan ikkje berre rulle ut nokre stemorsblomar ved inngangspartiet og kalle det for eit hagesenter. Det er omtrent like urimeleg som å plante ein potet i blomsterbedet og hevde at ein har ein potetåker, seier fagforeiningsleiar John Thomas Suhr i pressemeldinga.

Søndag 12. april opna Felleskjøpet Agri dørene til fleire av sine butikkar. Totalt skal dei søndagsopne 36 butikkar i vår- og sommarsesongen. Striden i denne saka står på om desse butikkane er å vurdere som hagesentre.

Krevjer umiddelbar stans

Lov om heilagdagar og heilagdagsfred opnar for at utsalsstadar som i det vesentlege sel blomar, plantar og andre hageartiklar kan halde opent på søndagar.

Desse 26 butikkane er melde til politiet

– Felleskjøpets sortiment består i all hovudsak av varer til landbruk, maskinar, fôr og utstyr. HK Norge meiner at dei ikkje oppfyller krava for å få halde opent på søndagar, og bryt lova, skriv dei i pressemeldinga.

– Vi ber om politiets bistand til å få ein umiddelbar stans i den pågåande ulovlege aktiviteten, at Felleskjøpet blir bøtelege og får inndrege den ulovlege omsetninga til fordel for statskassa, seier Suhr.

Han minner om at Maxbo i 2012 blei straffa med bot og inndragning av omsetninga etter å ha halde søndagsopent.

– Lovleg og ryddig

Felleskjøpet meiner på si side at dei ikkje gjer noko galt, og dei har fått hjelp av juristar til å vurdere saka.

Kommunikasjonssjef Sigbjørn Vedeld viser til at det er kjedas hagesentre som skal halde opne, og at nokre produkt ikkje vil vere tilgjengelege.

– Vi er trygge på at vi held opent på ein lovleg og ryddig måte. Felleskjøpet er for alle, og mange nordmenn føretrekk utvalet og ekspertisen til våre tilsette på hage og hobbydyrking, skriv kommunikasjonssjefen i ein e-post til HK-Nytt, ifølge NTB.

🔗 Related Articles (1)

View Graph
Har politianmeldt flere Felleskjøpet-butikker i Trøndelag
Avisa Gaula · 2026-04-15 11:47:38 +
Felleskjøpet Agri Trøndelag Handel Kontor Tønsberg Barkåker HK-Nytt John Thomas Suhr Maxbo Norge Sigbjørn Vedeld

🏷️ Extracted Entities (8)

Felleskjøpet Agri (person) Kontor (entity) Handel (entity) John Thomas Suhr (person) HK-Nytt (entity) Maxbo (entity) Norge (entity) Sigbjørn Vedeld (person)