Solid spiker i kista til Møreaksen!
Oslo Econonimics knuser Møreaksen i ny rapport, og slår klart fast at slike store sløseriprosjekt ikkje er realiserbare, men heller bedre og hyppigare ferjer blir anbefalt.
Solid spiker i kista til Møreaksen!
Du leser nå et leserinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.
I ein ny rapport publisert i NRK ang ferjefri E39 bestilt av Vestlandsrådet, slår altså Oslo Econonics kaldt vatn i årane til Høgre og andre som fortsatt tviholder i galskapens prosjekt Møreaksen.
Oslo Econonics er også kompetansemiljøet og grunnlaget til regjeringa fôr utarbeiding av alle store vegprosjekt her i landet, samt viktig bidragsyter til NTP arbeidet. Såleis er denne rapporten ein gedigen spiker i kista til Møreaksen, som her blir grundig dokumentert kvifor prosjektet er milevis utanfor NTP sin12 års plan
Ny Nasjonal transportplan vil i all hovudsak dreie seg om å ta vare på vegnettet vi har og prioritere knalltøft mellom dei prosjekta som faktisk er viktige med tanke på trafikksikkerheit og kunne ta ned ant hardt skadde og drepte i trafikken. Beredskap og forsvaret blir også viktig å prioritere, noko regjeringa har varsla om vil bli gjort.
I Møre og Romsdal dreier det seg også om å prioritere Eksportvegane slik som E-136 frå Ålesund til Bjorli, RV15 Strynefjellet, RV70, samt å få omgjort FV64 frå Molde til Åndalsnes til riksveg.
Dei alvorlige ulykkesvegane her i fylket slik som E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa må rett og slett prioriterast, dette er av landets verste "dødsvegar".
Så har vi nokre mindre prosjekt som står omtrent byggeklare, slik som Voldatunellen og E-39 forbi Batnfjorden. Vi må heller ikkje gløyme at 80% av vegnettet vi til daglig brukar er fylkesveg.
Her er vedlikeholdsetterslepet formidabelt og meir enn 20 milliard kr berre her i fylket.
Derfor må fylkesvegane prioriterast kraftig opp i ny NTP.
Såleis er det bra at Vestlandsrådet bidrar til å få utarbeidd nye rapportar som skrinlegg Møreaksen ein gong for alle, rett og slett godt arbeide, som må i realiteten føre til at sunn fornuft og at realisme blir lagt til grunn.
Oslo Econonics er ikkje berre å flåse vekk for Møreaksenklanen, men enkelte ønsker ikkje faktabasert konklusjonar.
Dermed blir det no sikkert betydelig god plass i media her i fylket, når vi slepp fleire innlegg ang Møreaksen, ingen trenger bry seg meir om Møreaksen, men heller bruke tida si på faktabasert og realistiske vegprosjekt som faktisk innbyggjarane og næringslivet har bruk for.
Vil du skrive i På tråden? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Vil du skrive leserinnlegg? Send e-post til ordetfritt@r-b.no
Her finner du meningsstoffet i Nordvest debatt – Rbnetts meningsportal