Herold

Stor pågang til intensiv utdanning. Linda (44) har fylt ut skjema

Plus
Kilde: Haugesund avis Author: Sigmund Hansen Published: 2026-04-15 22:01:00
Stor pågang til intensiv utdanning. Linda (44) har fylt ut skjema

Linda Hjelmtveit (44) og Jan Egil Austerheim (36) fortel om bakgrunnen for at dei vil tilbake til skulebenken. – Interessa er merkbart aukande, seier rektor.

– Nå ser eg det er mogeleg, seier Linda Hjelmtveit (44) til Haugesunds Avis.

Det skjer for første gong i skulen si soga, frå skuleåret 2027/28. Interessa er merkbart aukande, seier rektor Ingvild Steinnes Luteberget.

Utdanningstilbodet blir tilgjengeleg for unge og godt vaksne på Haugalandet, for dei som skal overta ein gard – eller som har ein draum om småbruk eller agronomutdanning.

To som alt har fylt ut interesseskjema for skuleåret på Bokn som startar hausten 2027, er firebarnsmora Linda Hjelmtveit (44) i Stordalen i Etne og Jan Egil Austerheim (36), med fem barn på garden annakvar veke i Hesjadalen i Tysvær.

– Interessa for agronomutdanning i eit intensivt år på Bokn ser ut til å vera stor, seier Luteberget.

Den ambulerande Vinterlandbruksskulen i Ryfylke kjem tilbake til våre kantar. Til Bokn, og året etterpå, kan det vera Tysvær og Aksdal, som får dette utdanningstilbodet.

Ho er rektor på sjette året for den lokale vinterlandbruksskulen som er eigd av ni kommunar i Ryfylke og Haugalandet (Bokn, Tysvær og Vindafjord).

Kombinerer jobb og gardsdrift

Sjølv om søkarar frå eigarkommunane blir prioritert, er det også ope for interesserte frå heile Haugalandet/Sunnhordland. Skulen har plass til 24 elevar kvart år.

– Dette skuleåret, og det neste, er me på Finnøy. Her skulle me i utgangspunktet vera i eit år. Men interessa var så stor at me har fullteikna nok eit år på Finnøy.

Linda Hjelmtveit, som vaks opp hos besteforeldre på Skare, har helse- og sosialfagleg utdanning. Ho har elska dyr og var «hestejente» sidan ho var liten.

– Du må gå på jordbruksskule, sa bestefar alltid til meg. Nå ser eg det er mogeleg å få agronomutdanning og kunna bu heime på Nernes i Stordalen, seier ho.

Folk som bur i Stordalen er vante med bilkøyring.

Jan Egil har alt overteke Austerheim Gård i Hesjadalen. Men før han overtok garden etter faren i 2015, var bondeyrket noko han ikkje hadde tenkt seg.

I dag kombinerer han jobben som helsefagarbeidar med gardsdrift; skoging, ammekyr, sauer og frå denne sommaren bikubar, pluss «Inn på garden» tilbod til skuleelevar som har ein dag i veka med praktisk læring.

Linda fortel

På Nernes i Stordalen bur Linda med Torgeir Hjelmtveit. Han overtok eit småbruk, men jobbar sjølv som gravemaskinførar og har utdanning som tømrar. Så har dei fire gutar på garden – frå seks til 15 år.

På garden har dei 30 vinterfôra sauer, ei geit, ender, ein Shetlandsponni som er drektig og ventar føl for tredje gong i mai/juni, ein katt og to hundar – og frittgåande høner (som hundane veit at dei ikkje får røra).

– Torgeir tar det tyngste arbeidet på garden. Eg får gjera det som er kjekt, smiler ho.

Linda gler seg over at dei fire gutane er med på alt som skjer på garden – «frå fjøs til bord». Dei fiskar i Stordalsvatnet, eldstemann i flokken er ein drivar med vedproduksjon. Det står svære lader med ved langs murar og låven på garden. Ein er meir av ein «datatype» og fleire av gutane syng i kor og er musikalske. Dei to minste er ivrige i fjøsen.

– Eg finn gjerne gutane i ein rugekasse eller oppå hesten. Dei er overalt – dei er med på lemming og skogsarbeid. Men på hjortejakta er det eg som skyt.

– Korleis er det å bu med fire gutar såpass langt ifrå Etne sentrum?

– Eg kunne aldri budd i eit bustadfelt! Men når du bur i Stordalen må du rekna med å køyra ungar til og frå aktivitetar og vener. På den andre sida er det også kjekt for kameratane deira å koma til oss på garden.

– Har dokke fått lam, kvalpar, kyllingar? spør dei gjerne.

Videokarusell

Planane for framtida, ved sida av fagutdanning til agronom, er å utvikla garden steg for steg.

– Me må ha ny driftsbygning og me må fjerna nokre bygningar på garden. Men me lyt gjera det gradvis. På sikt drøymer eg også om ein gardsbutikk eller noko liknande der me kan ta imot folk.

Linda er oppteken av bonden si psykiske helse. Ho rosar tiltak som «Bondedrøs» i Etne der bøndene kjem saman under mottoet «Frå fjøs til fellesskap» på fredagar klokka 11.

Jan Egil fortel

Jan Egil Austerheim og kona, Kamilla, i Hesjadalen, har ammekyr og sauer, pluss litt utegris på sommaren.

Garden er på 800 dekar – med 50 dekar dyrka og over 500 dekar skog – som Jan Egil har «skoga ned». Skogen som oldefar hans planta på 1950-talet. Nå skal han planta ny skog som ein generasjon eller to etter han vil få glede av.

Paret har kvart sitt barnekull frå tidlegare. Ungane bur på garden annankvar veke og er i alderen 10 til 14 år. Kamilla jobbar heiltid i barnehage. Jan Egil er helsefagarbeidar og jobbar i deltidsstilling på ein institusjon i Tysvær.

Ungane er ivrig med i fjøsen. Både lemming og kalving er høgdepunkt. Snart kjem to bikubar med «dronningar «og «arbeidarar» til garden. Jan Egil har gått på birøktarkurs på Frakkagjerd.

Elles har dei «Inn på tunet» ordning der fem gutar i ungdomsskulen kjem med ein lærar og har valfag og arbeidslivsfag på garden ein dag i veka.

– Eg tek meg av det praktiske, seier Jan Egil.

– Sjølv om eg er eldst, hadde eg i grunnen ikkje tenkt å bli bonde. Interessa kom ikkje før eg nådde 20-års alderen. Og då far min spurte om eg ville overta i 2013, måtte eg gå nokre rundar med meg sjølv. Så overtok eg i 2015. Eg trivest. Det som ikkje er greitt, er at det ikkje let seg gjera å leva av ein gard på denne storleiken i Norge i dag. Eg måtte ha pakta inn andre teigar og gardar om det skulle gått rundt. Det vil eg ikkje. Difor har eg framleis ei redusert stilling som helsefagarbeidar.

Jan Egil er også aktiv kommunepolitikar for Sp – sit i kommunestyret og levekårsutvalet i Tysvær. Og han har dei siste sju åra vore Tysvær sin representant i styret for Vinterlandbruksskulen.

I Hesjadalen tel han opp seks-sju aktive bønder. Bondefellesskapet er godt, seier han.

– Nå søker eg plass som elev. Eg ønskjer fagleg påfyll. På sikt drøymer me også om å pussa opp eit kårhus og invitera familiar, folk som har lyst på nokre dagar på ein gard, til å koma. Så kan dei vera med på gardsarbeid om dei vil – eller berre nyta nokre dagar på landet …

– Det blir eit hektisk år?

– Ja, men eg er vant med det. Og frå Hesjadalen går det fint å reisa på skule til Bokn.

Interessa aukar

Rektor Ingvild Steinnes Luteberget seier interessa for å ta agronomutdanning på vinterlandbruksskulen er merkbart aukande

– Elevane er frå 19 til 65 år, gjennomsnittsalder 31 år, like mange kvinner som menn. Over 80 prosent av elevane (24 i året) har eller skal overta gard. Og så har me dei som ønskjer å finna seg ein gard. Elevane har yrkesbakgrunn frå anleggsmekanikarar til sjukepleiarar og advokatar. I dei seks åra eg har vore rektor, har eg så og seia ikkje opplevd at nokon har slutta. Bortsett ifrå at nokre få raskt finn ut dei første dagane at opplegget, ved sida av annan jobb, er for krevjande. Eller at det kjem ein graviditet.

– På mine seks år har eg ikkje opplevd at nokon har slutta langt ut i skuleåret.

– Kor omfattande er årskurset for å bli agronom?

– Me har skule tysdagar og onsdagar på kveldstid, heile dagen på torsdagar, pluss ein del helgesamlingar. Elevane lærer det viktigaste om fôring og stell av dyr, planter, jordlære, plantelære, biologi, teknikk, økonomi, driftsleiing og generell naturbruk. Dei kan fordjupa seg i emne eleven er spesielt interessert i. For eksempel sau, ammeku, mjølk eller eventuelle tilleggsnæringar. Fagturar er ein viktig del av undervisninga. Me er på utferder både lokalt, men også til Austlandet og til utlandet om elevane ønskjer det.

Skulen hjelper til med å skaffa praksisplass til dei som ikkje har eigen gard.

Av lærarstaben som følgjer med skulen rundt om i dei ni eigarkommunane i Ryfylke/Haugalandet er fire av fem frå Haugalandet – ein frå Sveio og tre frå Vindafjord.

Lærarane pendlar rundt med skulen frå skulestad til skulestad. Landbrukets hus i Ølen er kontorbase for vinterlandbruksskulen.

– Dersom me får 25 søkarar til skulestad Bokn frå hausten 2027, blir det vinterlandbruksskule i Tysvær, sannsynlegvis i Aksdal, året etter.

– Kven kan søka?

– Alle kan søka – også interesserte frå nabokommunar som ikkje er medeigarar i vinterlandbruksskulen – for eksempel Karmøy, Haugesund, Sveio og Etne. Men dei som kjem frå eigarkommunane Bokn, Tysvær og Vindafjord har eit fortrinn.

– Kvifor søker folk?

– Fordi dei er interesserte og treng kompetanse for å driva ein gard i dag. Og så får dei eit nettverk som kan ha det både kjekt saman og som kan hjelpa kvarandre i åra etter utdanninga. Den gjengen som nå tar utdanninga på Finnøy er dei fleste i 20- og 30-åra. Dei får kollegaer som dei kan samhandla med, både sosialt og med praktisk hjelp, i mange år framover. Eg veit at kullet som gjekk ut då vinterlandbruksskulen var i Sauda i 2021, framleis møtest kvart år til julebord. Og fleire kull etablerer felles mediegrupper der dei legg ut råd og tips og hjelper kvarandre.

Eit fellesskap innanfor eit yrke som har hatt rykte på seg å vera einsamt.

🏷️ Extracted Entities (32)

Haugalandet Bokn (person) Hesjadalen (entity) Jan Egil Austerheim (person) Linda Hjelmtveit (person) Stordalen (entity) Tysvær (entity) Egil (entity) Etne (entity) Ryfylke/Haugalandet (entity) Vindafjord (place) Aksdal (place) Finnøy (place) Ingvild Steinnes Luteberget (person) Nernes (place) Sveio (entity) Vinterlandbruksskulen (entity) Austerheim Gård (person) Austlandet (entity) Bondedrøs (entity) Frakkagjerd (entity) Haugalandet/Sunnhordland (place) Haugesund (place) Kamilla (entity) Karmøy (place) Norge (entity) Sauda (entity) Shetlandsponni (entity) Skare (entity) Sp (entity) Stordalsvatnet (entity) Torgeir Hjelmtveit (person) Ølen (entity)