Herold

Diskuterer atomforsvar av Noreg

Kilde: Forsvaretsforum Author: Oda Eggesbø Ottesen, Krister Sørbø Published: 2026-04-14 06:23:02
Diskuterer atomforsvar av Noreg

Utanriksminister Espen Barth Eide vil ikkje vende ryggen til USA. Men han undersøker eit europeisk tilskot til amerikanske atomvåpen.

PARIS (Forsvarets forum): Det var varsla regn då utanriksminister Espen Barth Eide landa på fransk jord.

Skyene hang tungt medan han jogga rundt Eiffeltårnet, og under frukosten med hans franske kollega, Jean-Noël Barrot.

Dei snakka om kva det fransk-norske strategiske samarbeidet, signert sist sommar, skal innebere, seier Eide til Forsvarets forum.

For eksempel: franske atomvåpen.

I mars 2025 sa nemleg president Emmanuel Macron at den franske atomparaplyen kunne utvidast til å dekke fleire land.

– Det er ein diskusjon vi har, om vi vil vere med på det, seier utanriksministeren.

– Kva vil det innebere for Noreg?

– Det er ikkje snakk om at det skal stå franske atomvåpen i Noreg. Men det er vernet, eller avskrekkinga, som franske atomvåpen gir, fortel han.

– Før var bodskapen: «Hald deg unna Frankrike». No seier dei at dei kan vere villige til å seie: «Ikkje angrip Sverige, Noreg, Finland og Tyskland heller, fordi vi har atomvåpen».

Ikkje ei erstatning for USA

Russland er det landet i verda som har flest atomvåpen i verda, ifølge FN-sambandet. På ein ganske tett andreplass er USA.

Gjennom Nato og ein forsvarsavtale signert i 2021, er Noreg verna av amerikanske atomvåpen.

Desse skal ikkje oppbevarast på norsk jord i fredstid, men står lagra andre stader i Europa.

– Det er veldig viktig for oss at vi ikkje undergrev den amerikanske garantien. Det er klart at USA har mykje meir kapasitet, seier Eide.

– Er det nokon risiko for at USA får inntrykk av at vi får det vi treng av å samarbeide med Frankrike, og trekk noko av tilbodet sitt?

– Ja, det er risikoen. Det er nettopp difor vi seier det vi seier, at det ønsker vi ikkje, svarar han, men legger til:

– Samtidig er det heilt rimeleg at amerikanarane seier: «De europearar må gjere meir. No har vi teke mykje av byrda, no må de løfte dykk.» Det meiner eg er rett, og det kan då også gjelde atomgarantien.

Eide presiserer at desse atomvåpena ikkje «er til for å brukast», men er «den ultimate siste garantien mot at andre bruker det mot deg».

Vurderer også forsvarsavtale

Sommaren 2025 signerte Jonas Gahr Støre og Macron ein avtale i Oslo.

Denne spikra eit strategisk partnarskap mellom Frankrike og Noreg, med europeisk tryggleik i sentrum.

Men det var ikkje ein konkret samarbeidsavtale mellom norsk og fransk forsvar, som den vi har med Storbritannia.

– Det er absolutt noko vi tenker på, om vi skal gå enda djupare inn og gjere det endå meir konkret på forsvar, seier Eide.

Ministrane er i gang med å skape tettare kontakt mellom forsvar, forsvarsdepartement, utanriksdepartement, statsminister og president.

– Men det er også meir praktiske ting som segling i nord, utveksling av erfaringar og koordinering, seier Eide.

Avtalen omfattar også energi. For Frankrike brukar mykje gass, og mykje av den kjem frå Noreg.

Andre tema, seier utanriksministeren, var grøn omstilling, krigen i Ukraina, og situasjonen i Hormuzstredet.

– Gammal fransk tenking

Mellom møtet med Barrot, tidlegare president François Hollande og franske tryggingsforskarar, kjem sola umeldt fram.

Frankrike har blitt stadig viktigare for Noreg når det gjeld tryggleik og forsvar, fortel Eide.

«Same kva som skjer» i USA.

– Igjen, ikkje fordi vi vel bort Amerika, men fordi vi vel ei større emne til å tenke europeisk. Det er ei gammal fransk tenking, seier han.

– No er dei veldig flinke i Frankrike til å ikkje seie «det var det eg sa», for det er alltid veldig irriterande med folk som meiner dei hadde rett, men det er nok det dei tenker inst inne.

LES OGSÅ:

🏷️ Extracted Entities (29)

Noreg (entity) Espen Barth Eide (person) Frankrike (entity) USA (entity) nyheter 📁 (category) Arktis 🏷️ (keyword) Atomvåpen 🏷️ (keyword) Espen Barth Eide 🏷️ (keyword) Forsvar 🏷️ (keyword) Frankrike 🏷️ (keyword) Nyheter 🏷️ (keyword) Samarbeid 🏷️ (keyword) USA 🏷️ (keyword) UTENRIKS 🏷️ (keyword) Utenriksdepartementet 🏷️ (keyword) Emmanuel Macron (person) Forsvarets (entity) Jean-Noël Barrot (organization) Amerika (entity) Eiffeltårnet (entity) Europa (entity) FN (entity) François Hollande (person) Gjennom Nato (person) Hormuzstredet (entity) Jonas Gahr Støre (person) Oslo (place) Storbritannia (entity) Ukraina (entity)

📊 Metadata

Category: nyheter
Keywords: utenriksdepartementet, frankrike, forsvar, espen barth eide, atomvåpen, arktis, usa, nyheter, utenriks, samarbeid