Kva vil me med kommunesenteret vårt?
Plus
LESARINNLEGG: Takk til Kirsten Lid som i sitt innlegg løftar utvikling av Dale. Kva vil politikarane med kommunesenteret vårt?
Eg ynskjer i dette innlegget å synleggjera dei mange vedtaka kommunestyret har fatta knytt til Dale sentrum og dele den tidsramma me folkevalde har fått informasjon om.
Kva vil politikarane med kommunesenteret vårt? Korleis utvikla Dale til eit levande sentrumsområde?
I førre kommunestyremøte vart det orientert om framdrift når det gjeld komande investeringar.
Prosjektet med riving av Dalehallen vil starta i slutten av august eller byrjinga av september. No har det vore arbeidd med å rydde ut av bygget, og det er ein del dokumentasjonsarbeid som vert gjort i bygget. Arbeidet med kva som skal reisast på tomta skal starta, og det er naturleg at det vert ein del av arbeidet med sentrumsplanen.
Når det gjeld Dale barnehage så skal det lysast ut anbod i slutten av april. Det betyr at om alt går etter planen vil ein kunne inngå kontrakt etter sommarferien med byggjestart i haust.
Arbeidet med kollektivterminal ved Dale skule skal etter planen starta opp før sommaren, dette skjer i samarbeid med fylket.
Saman med desse prosjekta vil ein også ta tak i utfordringane knytt til vatn og avløp, og overvatn på Dale. Dette vil bli samkøyrt med byggjeprosjekta. Sjølv om det gjerne ikkje er så synleg, er det viktig infrastruktur som må fungere godt.
Planane for utvikling av helsehuset (Daletunet) vert arbeidd med. Romprogrammet er under arbeid, politisk handsaming er ikkje tidfesta. Her skal ein mellom anna sjå på om det er mogeleg å flytte legekontoret til meir tenlege lokale.
I tillegg til kommunen sine planar har Coop meldt interesse for samarbeid med kommunen og Husbanken om utleigeleilegheiter. Det vil bety ei renovering av både butikken i første etasje og bygget generelt. Her er me i tidleg fase, kommunen er positiv til initiativet og har følgt opp med møter med Coop Eigedom. Vert dette realisert vonar me det kan bli eit positivt prosjekt for Dale sentrum, og tryggleik for butikk i Gato i mange år framover.
Det er mykje arbeid som skal skje samstundes, dette er noko som kan utfordra Dalesamfunnet i byggjetida og som krev tilrettelegging frå kommunen si side.
Planprogrammet for sentrumsplanen kjem til behandling i formannskapet 21. april. Knytt til planprogrammet skal det også leggjast til rette for medverknad frå innbyggjarane. Arbeidet med sentrumsplanen er ei mogelegheit til å koma med nye innspel til utvikling av kommunesenteret utover det som er nemnt her av vedtatte prosjekt og mogelegheiter.
Oppsummert så meiner eg me har fatta mange gode politiske vedtak knytt til Dale sentrum. Eg vonar at prosessen med sentrumsplanen og kommunen sine byggjeplanar også vil inspirere fleire til å etablere seg og satse på Dale.
Venleg helsing Hege Eide Vik, ordførar