Får 80.000 for å skapa meir liv i grenda: – All aktivitet døydde ut etter kvart som eg vaks opp
Plus
Bolstadøyri grendelag får 80.000 kroner for å skapa meir aktivitet, fleire møteplassar og større bulyst i grenda.
Vestland fylkeskommune har valt ut Bolstadøyri som satsingsområde. Dei vurderer det som eit område med god plass til nybygging og tilflytting, og grenda har no fått midlar gjennom LivOGLyst-programmet.
– Dette er ei god moglegheit til å få opp aktiviteten og samhaldet i grenda og eventuelt gjera ho meir attraktiv for tilflytting og tilbakeflytting, seier prosjektleiar Kaia Bolstad.
Trass hennar unge alder på 19 år står Bolstad no i spissen for prosjektet. Ho studerer for tida i Bergen, men har likevel eit sterkt ynske for å bidra i heimbygda.
– Planen er at eg skal flytta heim igjen når eg er ferdig med studiane, seier ho.
Ved årsskiftet var det 216 registrerte innbyggjarar i grenda, fordelt på 167 vaksne og 49 under 15 år.
Kva er Liv OG Lyst-programmet?
Engasjert styre
Det heile starta med eit ope folkemøte i januar der heile 32 personar møtte opp. Under dette møtet vart det tydeleg at bygdefolket har eit felles ynske om å skapa meir liv i grenda, og dei danna raskt eit prosjektstyre. Dette består no av Kaia Bolstad, Tor Erling Larsen, Vegard Bolstad, Andreas Nyland, Chiara Anchesci og Erik Hanson.
Prosjektleiaren er godt nøgd med prosjektet så langt.
– Me har fått mange positive tilbakemeldingar, mange har møtt opp på møta våre, og det har kome inn mange forslag og idéar, seier 19-åringen.
Saknar møteplassar
Eit av temaa som kom opp under folkemøtet, var ynsket om fleire uformelle møteplassar.
Sjølv om ungdomshuset vert brukt til konfirmasjonar og quiz, saknar bygdefolket fleire lågterskelarenaar i kvardagen.
– Litt av målet med prosjektet er å gjera det triveleg for alle generasjonar, studentar, pensjonistar, skuleungdom og barnefamiliar, seier Astrid Rongen i grendelaget.
Vestland fylkeskommune presiserer at heile lokalsamfunnet, på tvers av alder, bakgrunn og interesser, skal forma LivOGLyst-prosjekt.
– Dette er med på å halda liv i gamle tradisjonar samtidig som ein får fram nye, spennande idéar der alle får moglegheit til å bidra og delta i det ein synest er kjekt, seier programansvarleg Ingrid Kristiane Fardal i Vestland fylkeskommune.
Mange idéar
Under idémøtet kom bygdefolket opp med mange tankar for kva dei vil utvikla i grenda.
– Folk ynskjer fleire idrettstilbod, klatreklubb, konsertar, temafestar, kurs i lokale mattradisjonar, dansekurs og kanskje badstove, ramsar Bolstad opp.
Ho meiner bygda kan henta inspirasjon frå aktivitetar som fanst i bygda før. På den tida det var skule i grenda, var det blant anna tilstellingar som revy og karneval.
Fellesskap i kvardagen
Prosjektleiaren håpar at prosjektet kan gjera det enklare for folk å møtast i kvardagen.
– Eg drøymer om mange små arrangement, og at folk tør å invitera naboane sine på besøk, slik ein gjorde då eg var mindre. At folk vert meir inkluderande i kvardagen og ikkje sit så mykje heime i sine eigne hus og berre går ut på store arrangement, seier Bolstad.
Ho håpar òg at terskelen for å møtast ute i grenda vert lågare.
– Til dømes at folk går på stranda og brenn bål i ny og ne, og tek med seg ein ekstra.
Vil involvera fleire
Neste steg i prosjektet er å involvera endå fleire i arbeidet.
– Me skal ha styremøte og sjå på andre LivOGLyst-prosjekt. Me planlegg òg å arrangera pizzamøte for ulike aldersgrupper for å høyra kva som skal til for å engasjera dei, seier Bolstad.
På det fyrste møtet var dei frammøtte spreidde mellom 19 og 75 år, med hovudvekt på dei mellom 30 og 60 år. Framover vil gruppa gjerne høyra meir frå barn, ungdom og pensjonistar for å dekkja alle aldersgruppene i grenda.
– Nå kan eg få ballen i gang
Bolstad opplever alt at prosjektet har gjeve henne ei ny rolle i bygda.
– Eg har fått uttrykt det eg saknar. Alt av aktivitet døydde ut etter kvart som eg vaks opp. No føler eg at eg kan få ballen litt i gang no som eg sit i styret sjølv. No vert det diskotek, seier ho.
Har du fått med deg desse? (reelskarusell)