Herold

Eldreopprøret Voss 2026 – kvifor?

Plus
Kilde: Hordaland Author: Ågot Himle, leiar Eldreopprøret Voss 2026, Voss Published: 2026-04-14 12:33:46
Eldreopprøret Voss 2026 – kvifor?

Pårørandeutvalget ved Voss Sjukeheim var opprørt over korleis deira kjære fekk fylt kvardagen sin på sjukeheimen. Reine oppbevaringsplassen – ingen aktivitet, ingen stimuli – medan òg mange venta på sjukeheimsplass i heimen.

Vår mann Magne Vassenden, tidlegare kommunalsjef for helse og omsorg i Voss kommune, hadde over lengre tid analysert den økonomiske situasjonen for heradet. Og det var rystande tal som her kom fram: Siden 2016 hadde heradet lagt ned 68 faste sjukeheimsplassar, 5 korttidsplassar og 18 rehabiliteringsplassar. Ikkje ut frå behov frå dei pleietrengande eldre, men for å spare pengar.

Med ein kostpris for drift av sjukeheimsplassar på mellom 1 og 2 mill. kr gjev dette Voss herad opptil 180 mill. kr i året i besparelse for å komme i balanse i budsjetta. Dette med våre pleietrengende eldre som salderingspost. På same tid som rådmannen føreslår å legge ned skular og barnehagar for å spare pengar.

Dette er uverdig for våre pleietrengande eldre. Og mangel på respekt for kva vår generasjon har bidratt med gjennom eit langt arbeidsliv.

Me krigs-, førkrigs- og etterkrigsbarn har vore med å bygge landet etter krigen. Mange av oss byrja i arbeidslivet då me var 15 år og har bidrege i det same arbeidslivet i 30–40–50 år og bidrege med milliardar til felleskassa. I dag vert me karakterisert som den sokalla eldrebølga, ein tsunami som feiar innover landet og øydelegg norsk økonomi. Då snakkar me om kjærleiksbarna – fredsbarna som kom etter krigen. I fredsrusen etter fem lange krigsår kom barna som perler på ei snor. Og me var etterlengta og etterspurd arbeidskraft.

No er mange av oss pleietrengande, då skal me stuast bort i heimen, jfr Stortingsmelding 24 Bu trygt heime. For sjukeheimsplassar der me skal ha ein rettmessig plass når me vert gamle og pleietrengende jfr Helsetjenestelova, der vert me for dyre for staten. Me vert salderingspost i kommunebudsjetta.

Det er me gamle og barnebarna våre som skal redda kommuneøkonomien, slik at ikkje Voss herad kjem på Robeklista, dvs. statleg styring av kommunen.

Den dårlege kommuneøkonomien har såleis råka både pleietrengende eldre og barnebarna våre med full kraft. Kor lenge skal me då tolerera denne nedskjeringa og styringa av kommuneøkonomien av Storting og styringsverk?

Me i Pensjonistforbundet Voss har fått nok og starta Eldreopprøret Voss 2026! Me kan ikkje akseptera at nokon kommunar legg ned sjukeheimsplassar for å få budsjetta i balanse. Me forlangar 10 milliardar kroner i revidert nasjonalbudsjett til pleietrengende over heile landet, som i realiteten er å oppretthalde alle eksisterande sjukeheimsplassar.

Slik eg kjenner systemet etter mange års erfaring, trur eg det er med tungt hjarta rådmannen føreslår desse nedskjeringane. Og politikarane som strør sand på forslaga ynskjer i realiteten ikkje det. Men kva gjer ein ikkje for ikkje å kome på Robeklista? Det vil seie at vi er blitt eit samfunn der pengane og stramme kommunebudsjett styrer alt med pålegg frå Storting og styringsverk. Dei struper kommuneøkonomien med manglande overførringar frå ein steinrik stat.

Ein steinrik stat som har 21 tusen milliardar på bok, og ein oljepris som går til himmels, no på grunn av krigen i Midtausten som gjev oss endå meir pengar på bok. Dei undergrev heile lokaldemokratiet stille men sikkert. Kven vil være lokalpolitikarar som styrer eit konkursbu som Robeklista er?

I staden for å legge ned sjukeheimsplassar må me i felleskap vende oss imot Regjering og Storting og forlange at budsjetta til kommunane aukar med mange milliarder i neste års statsbudsjett slik at kommunane har armslag til å prioritera dei primæroppgåvene dei er lovpålagt. Til barn og unge gjennom Opplæringslova og pleietrengande eldre gjennom Helsetjenestelova. Det vil seie me kreve gjenopning av dei 90 sjukeheim- og rehabeliteringsplassane som no er nedstengde i Voss herad med øyremerkte midlar til pleietrengande eldre frå staten gjennom vedtak i Stortinget. Dei er der med nedstengde avdelingar.

Argumentet om at det ikkje er varme hender til å pleia dei eldre er ei sannheit med modifikasjonar. Gjev dei tilsette skikkelege arbeidsforhold med heiltidsstillingar og betre lønn, slik at dei slepp å springe 60 meteren kvar dag og gå heim med dårleg samvit fordi dei føler dei ikkje strekk til for dei gamle. Då får kommunane nok varme hender, tenkjer eg som tidlegare administrativt ansvarleg for 2000 tilsette i Bergen kommune.

Me har sendt brev til kommunalminister Bjørnar Skjæran og kravd at det vert avsett 10 milliarder kroner i revidert nasjonalbudsjett for 2026. Me ventar på audiens.

Så vil me ha møte med alle stortingsgruppene på Stortinget og finanskomite og kommunalkomitee i løpet av våren og håpar at fornuftige stortingspolitikarar skjønar at dei økonomiske rammene dei set for kommunane er med på å undergrave heile lokaldemoktatiet og at staten meir og meir blir ein diktator i dei lokale beslutningane.

Pensjonistar til opprør: – Det er heilt topp det! Eldreopprørarane på Voss krev 10 milliardar: – Me har enorm oppslutning Vossingane startar folkeopprør – vil få med heile landet: – Me kan ikkje finna oss i det

Forventningar til eldreomsorg

🏷️ Extracted Entities (16)

Pensjonistforbundet Voss (organization) Robeklista (entity) Storting (entity) Helsetjenestelova (entity) Stortinget (entity) Bergen (entity) Bjørnar Skjæran (person) Bu (entity) Eldreopprøret Voss (person) Magne Vassenden (person) Midtausten (entity) Opplæringslova (entity) Regjering (entity) Stortingsmelding (entity) Voss Sjukeheim (person) Vossingane (entity)