Oppdaga dårleg betong i brua. No er ho stengd
Plus
Under vedlikehaldsarbeid av Palmafossen bru oppdaga arbeidarane dårleg betong. – Brua måtte akutt stengjast.
Tysdag klokka 14:06 melde Statens vegvesen at Palmafossen bru vart akutt stengd.
– Bruforvaltar melde at dei måtte akutt stengja brua. Dei fann ein svikt i betongen under vegarbeidet, opplyste trafikkoperatør Ronny Sleire i Statens vegvesen.
Kart med ID 520428
Ifylgje Jorunn Hillestad Sekse, seksjonsleiar i avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune, seier brua er stengd på grunn av vedlikehaldsarbeid.
– På grunn av dårleg betong i brua må ho stengjast til reparasjonen er utført. Brua blir stengd fram til torsdag 16. april kl. 23.59.
Det er omkøyring via fylkesvegen til Skulestadmo og via Gilbaret.
– Vegtrafikksentralen, Skyss og naudetatane er varsla, opplyser Sekse.
Henning skulle heim då han kom til stengd bru
Palmafossen bru ligg på Raundalsvegen, som går frå Palmafossen forbi Reimegrend og Mjølfjell. Brua vart sett opp i 1953.
I 2022 hadde Hordaland ein artikkel om bruene i området som måtte utbetrast. Då kom det fram at Palmafossen bru måtte bli prioritert utbetra innan 2026, ifylgje fylket.
Les meir her:
Denne brua må utbetrast for fem millionar. Her er dei 33 dårlegaste fylkesvegbruene våre