Herold

Melder Felleskjøpet til politiet for å ha sundagsope

Plus
Kilde: Hordaland Author: Marita Saue Skjoldli Published: 2026-04-14 19:49:55
Melder Felleskjøpet til politiet for å ha sundagsope

Mellom butikkane som er melde til politiet er butikken på Voss.

I ei pressemelding seint tysdag kveld opplyser Oslo-Akershus Handel og Kontor at dei har meld 26 butikkar til politiet.

Dei gjer det på vegner av heile forbundet.

– Felleskjøpet kan ikkje berre rulla ut nokon stemorsblomar ved inngangspartiet og kalla det for eit hagesenter. Det er omtrent like urimeleg som å planta ei potet i blomsterbedet og hevda at ein har ein potetåker, seier fagforeiningsleiar John Thomas Suhr.

Desse butikkane er melde

Sundag 12. april opna Felleskjøpet Agri SA dørene til fleire av butikkane sine. Inkludert butikken på Voss.

Opna dørene trass trugsel om politimelding

Vil ha hjelp av politiet

Striden i denne saka står om desse butikkane er å sjå på som hagesenter.

HK Noreg meiner at Felleskjøpet-butikkane ikkje oppfyller krava for å halda ope på sundagar, og at dei bryt lova.

– Me ber om hjelp frå politiet til å få straks få ein stans i den pågåande ulovlege aktiviteten, at Felleskjøpet får bot og får inndrege den ulovlege omsetnaden til fordel for statskassa, seier Suhr.

Felleskjøpet argumenterer med dei har eit utvida varesortiment i kategorien «plantar, blomar og andre hageartiklar», i tillegg til at dei avgrensa salsarealet/varesortiment på sundagar slik at denne kategorien var den vesentlege omsetnaden desse dagane.

Konserndirektør for butikk i Felleskjøpet Agri, Lasse Erik Moen, har tidlegare uttala i ei pressemelding at opninga er i tråd med regelverket.

Årsaka til dei opnar på sundagar forklarar han med er at dette er eit tilbod kundane deira har etterspurd.

Vil halda sundagsope – fagforeining varslar politimelding

🏷️ Extracted Entities (8)

Felleskjøpet Agri SA (organization) Melder Felleskjøpet (person) John Thomas Suhr (person) Voss (entity) Kontor (entity) Lasse Erik Moen (person) Noreg (entity) Oslo-Akershus Handel (organization)