NRK skal kutte 300–400 årsverk
Plus
Fram mot 2030 skal NRK kutte mellom 300 og 400 årsverk.
Det skriv Journalisten.
Kutta kan ende med å utgjere 10 prosent eller meir av dagens organisasjon, ifølge avisa.
Primært skal kutta bli gjort med naturlege avgangar, bemanningskontroll og tidvis tilsettingsstopp.
Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen seier til Medier24 at det ikkje er kjent korleis kutta vil bli fordelt i organisasjonen. Førebels har dei berre varsla at dette er retninga for åra framover.
Nyheita skal ha blitt formidla til dei tilsette i eit nettmøte tysdag føremiddag.
🏷️ Extracted Entities (4)
Journalisten
(entity)
Medier24
(entity)
NRK
(entity)
Vibeke Fürst Haugen
(person)