Om godstransport i Florabassenget
Plus
Både i forkant og i etterkant av Norled si innskjerping av godshandteringa på ruter i Florabassenget har vi i Skyss motteke ulike reaksjonar på dette, til dømes frå Gro Sveen i Svanøy Røykeri, i eit lesarinnlegg i Firdaposten 26. mars der ho inviterer både Norled og Skyss på besøk.
Båtrutene i florøbassenget
Vi i Skyss veit sjølvsagt kor viktig båttilbodet er for både fastbuande og andre med tilhøyre til øyene i Florabassenget. Difor ønsker vi å svare også i Firdaposten.
Norled overtok driften av lokale båtruter i Sogn og Fjordane 1. mai 2024, på kontrakt med Vestland fylkeskommune ved Skyss. Det oppstod som kjent store utfordringar med punktlegheit kort tid etter oppstart av denne nye kontrakten. Dette råka mellom anna skuleelevar. Skyss si vurdering er at hovudårsaka til forseinkingane er at båtane ikkje held høg nok fart til å følgje rutetidene, og at Norled sin leveranse difor er mangelfull. Det er samstundes verdt å nemnde at Skyss mellombels har akseptert utvida seglingstid på fleire turar i Florabassenget, for å gjera tilbodet meir robust.
Det er no ein pågåande rettstvist mellom Norled og Skyss når det gjeld tolkinga av kontrakten.
Når det gjeldgodstransport, har Norled vald å skjerpa inn praksisen når det gjeld handtering av gods, dette med verknad frå 27. mars. Dette gjorde dei på eiga hand. Skyss ser det i samanheng med usemja.
For Skyss vardet klårt at dette ville ha fleire negative konsekvensar for lokalbefolkninga. Vi måtte difor raskt gripe inn for å unngå dei verste av desse. Det vart gjennomført ein rask kartleggingsrunde, der vi mellom anna var i kontakt med Kinn kommune og med butikkane i området. Etter denne kartlegginga inngjekk vi ei avtale med GulenSkyss, med hovudformål å sikre frakt av varer til nærbutikkane. Desse ekstrarutene vert utført av Øyservice, og går til Svanøy, Askrova, Rognaldsvåg og Fanøy. Bakgrunnen for at dei er satt opp på tysdagar og torsdagar er at vareleveransen skjer tidleg om morgonen desse dagane, at det er svært utfordrande å endre på dag eller tidspunkt, og at det er strenge temperaturkrav for kjøle- og frysevarer.
Den ekstra godstransporten skal difor normalt ha lasting kl. 0700, men dersom Øyservice går som reservefartøy i rutekøyring, slik den har den siste tida, startar lastinga istadenfor 0815.
Vi har fått fleire spørsmål om kor vidt denne løysinga er god ressursbruk. Det meiner heller ikkje vi at ho er. Dette er ikkje ei løysing vi ønsker oss, vi beklager at vi har vore nøydd å ta henne i bruk og vi ser på henne som mellombels. Vi har heller ikkje gjeve opp dialog. Samstundes er denne mellombels løysinga altså tilpassa viktig varetransport, og det av omsyn til fastbuande og næringsdrivande på øyene i Florabassenget.
Vi har også fått spørsmål om dei økonomiske sanksjonane Norled får ved forseinkingar. For Skyss er dette eit vesentleg verkemiddel for å sikre punktlegheit. Vi vil i den samanhengen vise attende til utfordringane med at skuleborn ikkje nådde skulen. Når vi utvida seglingstida for å unngå dette kom det – naturleg og rimeleg nok – også reaksjonar på at reisetida til skuleelevane blir lang. Samstundes vil vi understreke at denne kontrakten er meir fleksibel enn andre båtkontrakter Skyss har. Bakgrunnen for det er nettopp at dette er samband av ein annan type, til ei rekkje ulike kaier på ulike øyer, dels i tronge farvatn, i eit værhardt område og med eit anna behov for fleksibilitet.
Skyss beklager at tilbodet i Florabassenget over tid ikkje har vore slik både lokalbefolkninga og vi meiner det burde vere. Vi seier oss også leie over at tvisten mellom Norled og Skyss også påverkar både fastbuande, næringsdrivande, og andre med tilknytning til øyene.
Vi har ikkje ønska oss ein slik rettstvist, og har hatt dialog med Norled om utfordringane i lang tid. Når situasjonen er som den den er, er vi likevel glade for at det vil kome ei rettsleg avklaring. Rettstvisten gjer samstundes at det er avgrensa kva diskusjonar vi kan ta i andre kanalar, sjølv om det alltid er hyggeleg med ein invitasjon til Svanøy.
Smartembed for https://www.firdaposten.no/api/graff/v1/component/enkel-biografi?id=501700