Dette er rett og slett flautt, Førde!
Plus
Førde burde gripe sjansen og arrangere ein stor VM-fest der vi alle kan samlast for å dele opplevinga.
Eg er 21 år gamal og har aldri opplevd Norge i eit verdsmeisterskap. Men heile livet har eg vakse opp med historiene om Drillo-eventyret på 90-talet, og høyrt korleis gatene eksploderte og landet stoppa opp.
No er vi der igjen. Denne gongen med verdsklassespelarar som Haaland, Ødegaard og Nusa, og vi har ikkje berre eit lag – vi har den «X-faktoren» som gjer at vi faktisk kan bite frå oss. Etter ein perfekt kvalifikasjon er det lov å tru at dette kan bli meisterskapet vi har venta på heile livet.
Eg har budd i Førde i snart to år og har blitt glad i byen. Nettopp derfor blir eg skuffa når eg les i Firda at interessa for å skape ein skikkeleg VM-fest verkar laber. Eg saknar at næringslivet, kommunen og lokale aktørar ser den unike moglegheita som ligg rett framfor oss: Moglegheita til å skape eit minne for livet.
Eg tenkjer av og til at dette er litt typisk for Sogn og Fjordane. Samtidig ser vi at «veslebror» Florø allereie har hatt planane klare lenge, med VM-fest i samband med siste gruppespelkamp mot Frankrike. Det er snart berre to månader til VM går av stabelen, og framleis ingen konkrete planar her i Førde. Det er rett og slett flautt.
Draumen min er ein skikkeleg folkefest på Festplassen.Eg ser føre meg storskjerm, flagg og hundrevis av menneske som jublar, fortvilar og held pusten saman. Eg vil oppleve den augeblinken der vi eksploderer i glede fordi Norge snur ein kamp i sluttminutta – akkurat slik dei gjorde mot Brasil i 1998.
Fotball er den einaste arenaen der du kan føle deg elendig i 92 minutt, for så å hamne i ein ubeskriveleg lykkerus det siste minuttet. Det er ein magi som kryssar alle grenser for kjønn, alder og bakgrunn. Det er noko fundamentalt vakkert i at ein 80-åring og ein 20-åring kan liggje om halsen på kvarandre i rein glede over eit mål.
Regjeringa har no opna for utvida skjenkemoglegheiter under VM.Sjølv om dette ikkje er hovudpoenget mitt, er det eit viktig verktøy for å samle folk på éin stor arena i staden for at vi blir spreidde på små utestader eller heime hos oss sjølv. Ved å leggje til rette for eit samla arrangement, kan vi skape ei trygg og inkluderande ramme for alle – både dei som vil ha ein øl til kampen, og dei som berre vil føle på energien i folkemengda.
Eg håpar Førde grip sjansen. For alt vi veit, er det 28 år til neste gong vi deltek i VM igjen. Dette er ein gyllen moglegheit til å vise fram Førde, og skape liv i byen. Det må næringslivet opne auga sine å sjå. La oss samlast, heie og drøyme saman. Eg vil ikkje sitje åleine i stova når Haaland set ballen i mål – eg vil stå på Festplassen saman med dykk.
Eg har trass alt venta heile livet på å endeleg få sjå Norge i eit meisterskap!
Berre éin aktør har lagt VM-planar
Gir tommel opp for utvida skjenking under fotball-VM