Herold

– Ordførarane i Telemark Senterparti står samla om arbeidet for ein betre Sørlandsbane

Plus
Kilde: Drangedalsposten Author: Stina Anlaug Sætre Published: 2026-04-14 08:21:35
– Ordførarane i Telemark Senterparti står samla om arbeidet for ein betre Sørlandsbane

For oss handlar dette om heilt konkrete ting som betyr mykje i kvardagen for folk og næringsliv i Telemark:

1) Få tilbake stoppa vi mista – slik at fleire kan bruke toget til jobb, skule og fritid.

2) Betre regularitet – toget må gå når det står i rutetabellen.

3) Meir stabilitet – færre innstillingar og mindre kaos når noko skjer.

Sørlandsbanen er ei livsnerve som bind saman lokalsamfunn, arbeidsmarknader og regionar. Når tilbodet sviktar, blir konsekvensane store: for pendlarar, studentar, reiseliv og bedrifter som er avhengige av føreseieleg transport.

Senterpartiet vil prioritere det som faktisk gir effekt raskt: drift, vedlikehald og fornying av jernbanen – og mindre, målretta tiltak som gjer at togtrafikken blir meir robust. Vi kjem til å halde trykket oppe, saman, til Sørlandsbanen leverer det Telemark treng: eit togtilbod folk kan stole på.

– Ordførarane i Telemark Sp.

🏷️ Extracted Entities (7)

Telemark Senterparti (person) Sørlandsbane (entity) Betre (entity) (entity) Meir (entity) Sørlandsbanen (entity) Telemark Sp (person)