Kommunen: – Kommunale selskap må opne styremøta
Plus
Vil ha meir openheit i selskapa der kommunen er eigar.
Kinn kommune har sendt ut eit brev med ei formell oppmoding til dei kommunalt eigde aksjeselskapa om å gjere styremøte og møteprotokollar offentleg tilgjengelege. I brevet understrekar kommunen at selskapa forvaltar offentlege verdiar og difor har eit særleg ansvar for openheit og etterprøvbarheit.
Kommunen ber mellom anna om at innkallingar og agenda blir publisert i forkant av møta, og at godkjende protokollar blir lagt ut utan ugrunna opphald. Eventuelle unntak frå innsyn må grunngjevast etter gjeldande regelverk.
– Offentleggjering av styredokument vil styrke tilliten til verksemda og sikre open forvaltning, heiter det i brevet som er signert kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen og arkivleiar Irene Sivertsen.
*Ifølge Skatteetaten eig Kinn kommune pr. 31.12.2024 aksjar i følgande selskap: *
*Florø Parkering AS er ifølge Forvalt.no rekna som eit dotterselskap av Kinn kommune, og står difor ikkje på lista. Det same gjeld Kinn Holding AS og Nordfjordbadet AS. I sistnemnde eig kommunen 52 prosent av aksjane. *
*Blant mottakarane av brevet finn vi og Hub For Ocean. Dei er ei foreining, ikkje eit aksjeselskap, og står difor ikkje på lista. *
*Det kommunalt eigde føretaket Vågsøy Parkering AS står heller ikkje på lista frå Forvalt.no, uvisst av kva grunn. *