Herold

Slepp til nye stemmer: – Eg blei enormt glad for å bli spurt

Plus
Kilde: Dalane Tidende Author: Merete Horpestad Published: 2026-04-14 16:00:00
Slepp til nye stemmer: – Eg blei enormt glad for å bli spurt

For første gong har Maria Røyland Sæstad (18) lese eigne dikt føre eit publikum.

Samfunnsengasjerte Maria Røyland Sæstad (18) van med å snakka føre folk. I fjor heldt ho appell under Dalane Pride, som representant for ungdområdet i Eigersund, og fekk svært gode tilbakemeldingar.

Å lesa dikt føre eit publikum, derimot, var noko ho ikkje hadde gjort før – før ho entra podiet under eit arrangement i serien Ord øve bord på Eigra vin- og cocktailbar i helga.

– Det var utruleg kjekt. Eg blei enormt glad for å bli spurt, seier ho og legg til at ho er glad for at det finst ein arena i Egersund der unge stemmer får sleppa til.

Imponerte publikum

Maria Røyland Sæstad opplevde det å lese eigne dikt som meir personleg enn ho har erfart under tidlegare framføringar føre publikum, og var derfor ekstra nervøs. Men ho fekk gode tilbakemeldingar frå dei frammøtte, som fekk høyra dikta «Søndagstur», «Skjærsilden» og «Stedfortreder».

Ei av dei som var bortom med oppmuntrande ord, uttrykte seg slik:

– Fantastisk bra. Eg er heilt imponert.

Nansenskolen

Maria Røyland Sæstad har planar om å bli journalist, og ho har sikta seg ut journalistutdanninga på Universitetet i Bergen. Men før ho kjem så langt, vil ho ta eit år på folkehøgskole.

Ho har søkt og kome inn på skrivekunstlinja på Norsk Humanistisk Akademi på Lillehammer, òg kjent som Nansenskolen. Skulen opererer med opptaksprøve, og 18-åringen frå Eigerøy sende inn eit av dikta ho las opp på Eigra vin- og cocktailbar. Det var diktet «Skjærsilden» ho valde å senda inn.

Nye, lokale stemmer

Forfattar Tone Myklebust er ein av initiativtakarane til Ord øve bord.

– Det er viktig for oss å løfta fram nye, lokale stemmer, seier ho.

Ord øve bord har halde det gåande i to år nå. Grand Hotell er med på arrangørsida, og Rogaland fylkeskommune støttar initiativet økonomisk.

Maria Røyland Sæstad stod for opninga av laurdagens arrangement. Ho blei etterfølgt av Ørjan Zazzera Johansen, forfattar og formidlar ved Garborgsenteret, som snakka om kva rolle Arne Garborg spelte i framveksten av det moderne Noreg.

Dette arrangementet var det siste før sommaren. Det neste blir i samarbeid med Dalane Pride, som skal arrangerast siste helga i august.

Verdas poesidag: – Er poesi noko for deg?

🏷️ Extracted Entities (22)

Samfunnsengasjerte Maria Røyland Sæstad (organization) Dalane Pride (person) Eigra (entity) Ord (entity) Skjærsilden (entity) Arne Garborg (person) Bergen (entity) Egersund (place) Eigersund (place) Eigerøy (place) Forfattar Tone Myklebust (person) Garborgsenteret (entity) Grand Hotell (organization) Lillehammer (entity) Nansenskolen (entity) Noreg (entity) Norsk Humanistisk Akademi (organization) Rogaland (place) Stedfortreder (entity) Søndagstur (entity) Universitetet (entity) Ørjan Zazzera Johansen (person)