Kjernekraft krev meir enn store ord
Plus
Det handlar om tryggleik, ansvar og tillit i generasjonar framover
I debatten 9. april løfta ordføraren i Austrheim igjen fram kjernekraft som ei framtidsretta løysing. Men framleis manglar svar på dei mest grunnleggjande spørsmåla: Korleis skal radioaktivt avfall handterast? Kvar skal det lagrast? Kven skal ta ansvaret over tid? Og korleis skal lokal beredskap byggjast opp dersom noko hender ved anlegget?
Dette er ikkje detaljar. Det handlar om tryggleik, ansvar og tillit i generasjonar framover.
Samtidig må vi ikkje gløyma at Vestlandskysten alt har industri, kompetanse og erfaring som kan brukast til å utvikla havenergi. Det poenget er løfta tidlegare, og står framleis fast: Vi må byggja vidare på det vi faktisk kan utvikla med utgangspunkt i kysten, havet og fagmiljøa våre, ikkje setja regionen på vent for løysingar som ligg langt fram i tid.
Det gjer saka endå meir alvorleg at ordføraren manglar kjernekraftfagleg kompetanse, og heller ikkje har bakgrunn frå offshore- og havindustrien, men likevel opptrer svært skråsikkert i ei sak som handlar om radioaktivt avfall, tryggleik, beredskap og industriutvikling over svært lang tid. Dei orienteringane og folkemøta det blir vist til, har dessutan vore av lett fagleg karakter. Dei kan ikkje takast til inntekt for at kommunen har vore gjennom ein tung og reell fagleg prosess om kjernekraft.
Dette er heller ikkje første gong vi ser ein slik stil i fagleg tunge saker. I U-864-saka vart det heia på endring av mandatet, medan andre arbeidde for tilleggsmandat for å få saka breiare og betre opplyst. I alvorlege saker bør målet vera meir kunnskap, ikkje trongare rammer.
For mange handlar dette heller ikkje berre om teknologi. Det handlar om tryggleik. Det finst bestemødre som framleis hugsar korleis det var å vera gravide under uvissa etter Tsjernobyl. Då er det ikkje godt nok at slik uro blir ledd vekk.
Det mest alvorlege er kanskje at folk no seier rett ut at dei ikkje ønskjer at barn og barnebarn skal veksa opp i ein kommune knytt til kjernekraft. Nokre seier at dei heller vil flytta til ein kjernekraftfri kommune dersom dette blir realitet. Då handlar det om mykje meir enn energi. Då handlar det om kva slags kommune vi ønskjer å vera.
For mange blir denne uroa forsterka av at dei opplever ein mangel på reell kompetanse i den politiske leiinga i møte med ei så tung og krevjande sak. Kommunen taper på mangelen på relevant industriell kompetanse i politisk leiing og administrasjon. Det må også sjåast i samanheng med den økonomiske utviklinga under Høgre-ordføraren si vakt, der mange opplever at kommunen har kome urovekkjande nær ROBEK-lista.
Det er heller ingen grunn til å gjera Borten Moe til ein industrihelt berre fordi han var med på å starta OKEA. Det gir ikkje automatisk særleg autoritet i spørsmål om kjernekraft, avfall eller beredskap.
Kjernekraft krev meir enn store ord. Det krev kunnskap, ansvar og respekt for den uroa folk faktisk kjenner på.