Herold

Vill ferd over plen enda i kollisjon på parkeringsplass

Plus
Kilde: NH Author: Ole Jacob Riise Strønen Published: 2026-04-14 10:10:50
Vill ferd over plen enda i kollisjon på parkeringsplass

Ein person blei frakta bort med ambulanse.

Tysdag formiddag køyrde ein bil frå bensinpumpene i Isdalstø og over ein plen før den trefte ein parkert bil.

NH sin reporter på staden kunne sjå tydelege teikn til at bilen hadde køyrt over plenen frå bensinstasjonen, før ferda enda med ein kollisjon med eit parkert køyretøy.

Det var sår i plenen frå då bilen tok nedi bakken på veg til parkeringsplassen.

– Det er ein stor bil med tilhengar som vart treft, så det har vore store krefter i sving, seier operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Tore-Andre Brakstad.

Brakstad fortel vidare at føraren av bilen var ein mann i slutten av 70 åra.

– Han hadde smerter i armen og vart køyrt til legevakta.

Politi, legevaktbil og brannvesen var på plass. NH sin reporter på staden skildra ein kraftig samanstøyt der airbag på både passasjer- og førarside blei utløyst.

Politiet avhøyrde vitne på staden, men kan førebels ikkje seie noko om årsaka til ulykka. Det skal ikkje vere mistanke om rus.

🏷️ Extracted Entities (3)

Isdalstø (entity) Tore-Andre Brakstad (organization) Vest (entity)